Edmund Bruggmann
Edmund Bruggmann (15. april 1943–9. juni 2014)[1] frå Flums var ein sveitsisk skirennar og seinare hotelldrivar i Flums. Han vann sølvmedaljen i storslalåm under vinter-OL 1972 i Sapporo. I verdscupen i alpint kom han same OL-sesongen på tredjeplass samanlagt.
Edmund Bruggmann | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 15. april 1943 Flums |
Død | 9. juni 2014 (71 år) Walenstadt |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964, alpine skiing at the 1972 Winter Olympics – men's giant slalom |
Aktiv
endreBruggmann slo seg inn i verdseliten først i 1968. Året før hadde han som best ein niandeplass i verdscupen. Til vinter-OL 1968 i Grenoble fekk han plass i den sveitsiske OL-troppen. I olympiaden vart han høvesvis nummer 10 og 12 i utfor og storslalåm. I storslalåmcupen av verdscupen 1968 kom han på andreplass. Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina vart han nummer fem i den alpine kombinasjonen, men i spesialøvingane var han som best nummer 12 i utfor. Sitt beste resultat i eit internasjonalt meisterskap oppnådde han under vinter-OL 1972. Han kom då på sølvplassen i storslalåmtevlinga, men var over sekundet bak olympiameisteren Gustav Thöni frå Italia. I slalåmtevlinga hamna han på åttandeplassen.
Gjennom åra han deltok i verdscupen vann Bruggmann fem renn. I tillegg kom han fem gongar på andreplass og fire gongar på tredjeplass. Verdscupen i alpint 1972 kom han på tredje plass i verdscupen, bak verdseinaren Gustav Thöni og Henri Duvillard frå Frankrike. Som i 1968 kom han på andreplassen i storslalåmcupen.
Sesongane 1973 og 1974 klarte han sjeldan å markere seg i alpinløypa, ein femteplass i storslalåm i Val-d'Isère på innleiinga av 1973/74-sesongen var hans beste resultat. Bruggmann la opp i 1974.
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Land | Øving |
---|---|---|---|
4. januar 1968 | Bad Hindelang | Tyskland | Storslalåm |
17. februar 1969 | Kranjska Gora | Jugoslavia | Slalåm |
5. januar 1971 | Berchtesgaden | Tyskland | Storslalåm |
16. mars 1972 | Gherdëina | Italia | Storslalåm |
19. mars 1972 | Pra-Loup | Frankrike | Storslalåm |
Kjelder
endre- ↑ Edy Bruggmann verstorben., skiclubskiclub-flumserberg.ch, 12. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Edmund Bruggmann» frå Wikipedia på tysk, den 3. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Edmund Bruggmann – Profil og resultatoversikt hos FIS