Edmund Landau
tysk matematikar
Edmund Georg Hermann Landau (14. februar 1877–19. februar 1938) var ein tysk-jødisk matematikar som arbeidde innanfor talteori og kompleks analyse.
Edmund Landau | |||
| |||
Fødd | 14. februar 1877 Berlin | ||
---|---|---|---|
Død | 19. februar 1938 Berlin | ||
Nasjonalitet | Deutsches Reich | ||
Område | talteori, matematikk, kompleks analyse | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Göttingen Humboldt-Universität zu Berlin Det hebraiske universitetet i Jerusalem | ||
Alma mater | Humboldt-Universität zu Berlin Französisches Gymnasium Berlin | ||
Doktorgradsrettleiar | Ferdinand Georg Frobenius Lazarus Fuchs | ||
Medlem | Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Det russiske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet |
Han var professor i Göttingen frå 1909 til 1933. Verket hans Handbuch der Lehre der Verteilung der Primzahlen (3 bind, 1909) inneheld alt det ein på det tidspunktet kjende til emna talteori og funksjonsteori. Han var æresdoktor ved Universitetet i Oslo i samband med Abelminnefesten i 1929.
Kjelder
endre«Edmund Georg Hermann Landau» i Store norske leksikon, snl.no.