Eduardo dos Reis Carvalho

portugisisk fotballspelar

Eduardo dos Reis Carvalho, eller berre Eduardo (fødd 19. september 1982 i Mirandela i Bragança-distriktet) er ein portugisisk fotballspelar og keeper for det portugisiske landslaget og, i 2013/14-sesongen, Braga i den portugisiske toppdivisjonen, der han spelar på lån frå Genoa i italiensk Serie A.

Eduardo
Personleg informasjon
Fullt namn Eduardo dos Reis Carvalho
Fødd 19. september 1982 (41 år)
Fødestad Mirandela
Høgd 194 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Braga
Nummer 1
Ungdomsklubbar
Portugal Braga
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-10
2007
2007-08
2010-
2011-12
2012-13
2013-14
Portugal Braga
Portugal Beira-Mar (lån)
Portugal Vitória (lån)
Italia Genoa
Portugal Benfica (lån)
Tyrkia İstanbul (lån)
Portugal Braga (lån)
60 (0)
15 (0)
30 (0)
37 (0)
1 (0)
33 (0)
29 (0)
Landslag
2004
2009-
Portugal Portugal
Portugal Portugal U21
2 (0)
34 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2014

Eduardo vart fødd i Mirandela i Bragança-distriktet. Han fekk ikkje gjennombrotet sitt som profesjonell fotballspelar før han var midt i 20-åra. Han begynte å spela i Braga, men fekk sine første kampar i den portugisiske toppdivisjonen på lån til Beira-Mar i 2006/07-sesongen.

Den neste sesongen vart Eduardo lånt ut til Vitória, og var ein nøkkelspelar i laget som vann den portugisiske ligacupen. Han redda tre straffespark i straffesparkkonkurransen i finalen mot Sporting.

I 2008/09-sesongen var Eduardo attende i Braga, der han spelte alle seriekampane og alle kampane i UEFA-cupen.

Etter fotball-EM i 2008 tok landslagstrenaren Carlos Queiroz med Eduardo i den nye landslagstroppen som han bygde opp til VM-kvalifiseringa for fotball-VM i 2010. Han fekk landslagsdebuten sin 11. februar 2009 i ein 1-0-siger over Finland i ein privatlandskamp heime. Han spelte resten av VM-kvalifiseringskampane.

Kjelder endre