Opna hovudmenyen

Edvaldo Izídio Neto

brasiliansk fotballspelar

Edvaldo Izídio Neto (12. november 193419. januar 2002), til vanleg berre kalla for Vavá, var ein brasiliansk fotballspelar som vart verdsmeister for Brasil i 1958 og 1962. Han var midtspiss med stor gjennombrotskraft. På klubbnivå spelte Vavá for mellom andre Vasco da Gama, Atlético Madrid, Palmeiras og América.

Edvaldo Izídio Neto

Garrincha and Vavà 1958 World Cup final.jpg

Statsborgarskap Brasil
Fødd 12. november 1934
Recife
Død

19. januar 2002
Rio de Janeiro

Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Brasil sitt vinnarlag etter VM-finalen 1958. Vavá er nummer fire frå venstre i fremste rekke, ved sidan av Pelé.

LandslagsspelEndra

Vavá debuterte for Brasil i 1955. Dei neste ni åra fekk han med seg 20 landskampar, men skåra heile 15 mål for landslaget. I VM-finalen 1958 skåra han begge Brasils mål i fyrste omgang, ein finale som enda med at Brasil vart verdsmeister for fyrste gong. Også i 1962-finalen kom han på skåringslista i finalen då han la på til 3-1, noko som vart sluttresultat i kampen mellom Brasil og Tsjekkoslovakia. Vavá skåra høvesvis 5 og 4 mpl i dei to VM-turneringane.

KlubbspelEndra

Vavá debuterte for SC Recife i heimbyen. Knapt 17 år gammal byrja han i Vasco da Gama, der han vert verande i sju år. Etter fotball-VM i 1958 vart han overført til spanske Atlético Madrid og spelte i klubben i tre sesongar. Han reiste heim til Brasil i 1961 og var Palmeiras-spelar til utgangen av 1963. Frå 1964 til 1967 gjorde han tenste i den meksikanske storklubben América. Før han la opp i 1969 var han innom tre mindre klubbar.

KjelderEndra