Fotball-VM 1962
Verdsmeisterskapen i fotball 1962 vart avvikla i Chile i tida 30. mai til 17. juni 1962. Kampane fann stad på fire ulike arenaer i fire ulike byar; Arica, Rancagua, Santiago og Viña del Mar. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Tsjekkoslovakia 3-1 i finalen. Seks spelarar skåra fire mål i turneringa og vart toppskårar, mellom dei verdsmeistrane Garrincha og Vavá.
Turneringsformatet var det same som i 1958. Dei 16 deltakarlanda vart delt på fire innleiingsgrupper, og dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til kvartfinalane. Brasil, Sovjetunionen, Ungarn og Vest-Tyskland vart gruppevinnarar og fekk fylgje av Chile, England, Jugoslavia og Tsjekkoslovakia.
I kvartfinalane vann Chile over Sovjetunionen, Brasil over England, Tsjekkoslovakia over Ungarn, samt Jugoslavaia over Vest-Tyskland. Semifinalane vart spela dagen etter kvartfinalane og enda med tomålsigrar til Brasil og Tsjekkoslovakia over høvesvis Chile og Jugoslovia. Vertsnasjonen Chile vann så bronsemadaljane etter 1-0 mot Jugoslavia.
Gruppespel
endreGruppe 1
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Sovjetunionen | 3 | 2 | 1 | 0 | 8–5 | 3 | 5 |
2 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | 3 | 2 | 0 | 1 | 8–3 | 5 | 4 |
3 | Uruguay | 3 | 1 | 0 | 2 | 4–6 | −2 | 2 |
4 | Colombia | 3 | 0 | 1 | 2 | 5–11 | −6 | 1 |
Gruppe 2
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 2 | 1 | 0 | 4–1 | 3 | 5 |
2 | Chile | 3 | 2 | 0 | 1 | 5–3 | 2 | 4 |
3 | Italia | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–2 | 1 | 2 |
4 | Sveits | 3 | 0 | 0 | 3 | 2–8 | −6 | 0 |
Gruppe 3
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Brasil | 3 | 2 | 1 | 0 | 4–1 | 3 | 5 |
2 | Tsjekkoslovakia | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–3 | −1 | 3 |
3 | Mexico | 3 | 1 | 0 | 2 | 3–4 | −1 | 2 |
4 | Spania | 3 | 1 | 0 | 2 | 2–3 | −1 | 2 |
Gruppe 4
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Ungarn | 3 | 2 | 1 | 0 | 8–2 | 6 | 5 |
2 | England | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–3 | 1 | 3 |
3 | Argentina | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–3 | −1 | 3 |
4 | Bulgaria | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–7 | −6 | 1 |
Finalen
endreFinalen var spelt på Estadio Nacional i Santiago. Tsjekkoslovakia tok leiinga ved Josef Masopust etter 15 minuttar, men allereie to minuttar seinare utlikna Amarildo Tavares for Brasil. Midtvegs i andre omgang gav Zito Brasil leiinga og ni minuttar etter sikra Vavá sigeren med Brasils tredje mål i kampen. Det var andre gongen eit land lukkast forsvare VM-tittelen.
Brasil sitt vinnarlag bestod av: Gylmar dos Santos Neves, Djalma Santos, Mauro Ramos, Zózimo Alves, Nílton Santos, Zito, Didi, Garrincha, Vavá, Amarildo Tavares og Mário Zagallo.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1962 FIFA World Cup» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juli 2014.