Edvard Ruud (6. november 19075. august 2001) var ein norsk lyrikar, folkeminnesamlar og folkemusikar frå Elgsnes i Harstad.

Edvard Ruud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. november 1907
Død

5. august 2001 (93 år)

Yrke lyrikar

Ruud var ein representant for den nordnorske folkelege kulturen, særleg folkemusikken og den folkelege songen. Han song inn nærpå 200 songar i NRK. I mange år reiste han i bygd og by og fortalde og song. Han gjorde også mykje for ungdomslag, målsaka, museumsarbeid og mangt anna.[1] Han vart statsstipendiat i 1974.

Utgjevingar endre

  • Tankar eg tenkte som eit minne til deg, dikt, 1979
  • Det mørke landet, eventyrsamling, 1980
  • Tankar i ord : dikt i utval, 1981
  • Dei finaste band, Elias Blix og hans Barndomsminne frå Nordland, 1983 (sm.m. Karl Erik Harr)
  • Tankar og ord frå landet i nord, dikt, 1998
  • Hav og himmel i Hålogaland, dikt, 1999
  • Dikt frå Elgsnes, 2000

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. «Nyheter», www.folkedans.com, henta 9. mars 2019