Elias Blix
Elias Blix (24. februar 1836–17. januar 1902) var ein norsk forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vart fødd på Våg i Gildeskål i Salten i Nordland fylke Mattismessedagen 1836, og døydde i heimen sin i Kristiania (Oslo) i 1902. Han vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund.
Elias Blix | |||
| |||
Fødd | 24. februar 1836 Sandhornøya | ||
---|---|---|---|
Død | 17. januar 1902 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | lingvist, lyrikar, politikar, omsetjar, professor, teolog, bibelomsetjar, salmediktar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Ragnvald Blix, Helge Elias Blix |
I 1862 var Blix med på å skipa «Den nordlandske Forening» og var den første forman i organisasjonen. I 1868 var han med på å skipa «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.
Blix tok teologisk embetseksamen i 1866, og han vart professor i teologi 1878 ved Universitetet i Oslo.
Frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888 var Blix statsråd i Kyrkjedepartementet. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vera jamstilt med bokmålet, det såkalla Jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix partiet Venstre.
Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarseminar i Tromsø på 1850-talet. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og vart knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Sommaren 1866, etter at han hadde teke teologisk embetseksamen, vitja han Gildeskål. Her hjelpte han soknepresten med konfirmasjonsundervisninga, han skal òg ha bede om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja. Men Blix fekk ikkje lov til å preike - somme meiner soknepresten ikkje ville sleppe han til, fordi han ikkje likte Blix sitt arbeid som målmann; andre meiner soknerpresten hadde gjeve han melding om at det ikkje sømte seg for born av ålmugen å stå på preikestolen. Hendinga i Gildeskål skal etter soga vere årsaka til at han ikkje vart prest og han aldri kom attende til Gildeskål.
Blix var med på arbeidet med å omsetje Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix var ein stor salmediktar, og skreiv meir enn 200 salmar. Ved kgl. res. av 4. mai 1892 vart salmeboka hans, Nokre Salmar, autorisert for kyrkjeleg bruk. I Norsk Salmebok er det teke med over 50 salmar av Blix.
Nokre kjende salmar
endreKjelder
endre- Elias Blix på [Norsk Biografisk Leksikon]
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Elias Blix hjå Nasjonalbiblioteket
- Anders Aschim: Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Samlaget, 2008 ISBN 978-82-521-6429-9
- Weblogg om forsking på Blix