Edvarda Lie
Edvarda Klaudine Lie (3. april 1910–8. juni 1983) var ein norsk målar, teiknar og illustratør, fødd i Orkdal og oppvaksen i Vestvågøy.
Edvarda Lie | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. april 1910 Meldal |
Død |
8. juni 1983 (73 år) |
Yrke | illustratør, kunstmålar |
Edvarda Lie på Commons |
Edvarda Lie teikna til fleire aviser og blad, så som A-magasinet, og illustrerte bokomslag og bøker, mellom dei Ali Baba og de førti røvere i 1946. I 1944 gav ho ut boka Anatomi for tegnere, ei bok som kom i nytt opplag i 1976. Frå 1936 til 1947 underviste Lie i motetegning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Ho utforma blomsterdekoren nedst på stakken til Lofotbunaden. I perioden 1960 til 1964 laga ho veggmåleri til Narvik rådhus.
Bileta til Lie er ofte prega av sikker figurteikning, lette, lyse farger og tidstypisk dekorativ flatestil.
Kjelder endre
- Store norske leksikon
- Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. 1957