Edward Said
Edward William Said (1. november 1935–25. september 2003) var ein palestinsk-amerikansk litteraturhistorikar. Han var professor i engelsk og samanlikande litteratur ved Columbia University. Innan akademia er han kjend som ein av grunnleggarane av post-kolonialistisk tenking, og omdefinerte omgrepet «orientalisme». Ved sida av sitt akademiske arbeid er Said særs kjend som ein sterk forkjempar for ein palestinsk stat.
Edward Said | |||
Minneplakat over Edward Said sett opp på Vestbreidda. | |||
Fødd | 1. november 1935 Jerusalem | ||
---|---|---|---|
Død | 25. september 2003 New York by | ||
Nasjonalitet | USA, Palestinamandatet | ||
Yrke | skribent, litteraturkritikar, journalist, filosof, musikkforskar, statsvitar, omsetjar, forskar | ||
Institusjonar | Columbia University | ||
Alma mater | Harvard University Princeton University Northfield Mount Hermon School Victoria College St. George's School, Jerusalem | ||
Ektefelle | Mariam C. Said, Maire Jaanus | ||
Barn | Najla Said | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Academy of Arts and Letters Det arabiske akademiet i Damaskus |
Said vart fødd i Jerusalem og voks opp i Egypt. Han flytta til USA der han budde mesteparten av livet sitt som amerikansk statsborgar. Han underviste i 40 år ved Columbia University i New York der han vart professor i 1992. Said kjempa lenge for palestinarane og kritiserte stadig Israels okkupasjon av de palestinske områda. Han var medlem av det palestinske eksilparlamentet i 14 år til han valde å trekkje seg attende i 1991. Said var òg kritisk til Yassir Arafat og dei kompromissa han hadde vore med på gjennom Osloavtalen.