Princeton University
Princeton University er eit privat universitet i Princeton i New Jersey i USA. Det er den fjerde eldste institusjonen for høgare utdanning i USA, grunnlagt i byen Elisabeth i 1746 som College of New Jersey. Det låg i 2008 på tolvte plass globalt på Times si liste over verdas beste universitet.[2]
Princeton University | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 1746 |
---|---|
Stad | Princeton |
Studentar | 8 478 (hausten 2021)[1] |
Tilsette | 1 068 (hausten 2021)[1] |

I 1896 flytta lærestaden til Princeton, og fekk samtidig namnet Princeton University. Princeton er eit av åtte Ivy League-universitet i USA.
I 2006 var det ialt 7 242 studenter ved Princeton, og skulepengane utgjorde US$ 33 000 årleg. Med 1 025 vitskapleg tilsette same året, gav det ein student:lærar-tettleik på 7:1, som er svært høgt, sjølv blant dei betre amerikanske universiteta.
Kjende studentar og tilsette Endra
- James Baker – utanriksminister under president George H.W. Bush
- Albert Einstein – arbeida ved Institute for Advanced Study (IAS) ved Princeton
- F. Scott Fitzgerald – forfattar
- Joschka Fischer – tidlegare tysk visekanslar og utanriksminister
- John F. Kennedy – Den 35. presidenten i USA
- Thomas Mann – tysk forfattar og nobelprisvinnar i litteratur
- Toni Morrison – forfattar og nobelprisvinnar i litteratur
- Joyce Carol Oates – forfattar
- Robert Oppenheimer – «atombombas far», ein periode leiar for Institute for Advanced Study
- Donald Rumsfeld – forsvarsminister under president George W. Bush
- Brooke Shields – skodespelar
- Woodrow Wilson – Den 28. presidenten i USA
- Syngman Rhee – Den første presidenten i Sør-Korea
- John Forbes Nash – professor i matematikk og vinnar av «Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitenskap til minne om Alfred Nobel» (daglegtale: «nobelprisen i økonomi») i 1994
- Atle Selberg – norsk matematikar og forfattar
Kjelder Endra
- ↑ 1,0 1,1 «Common Data Set 2021-2022» (PDF). Princeton University. Henta 18. desember 2022.
- ↑ Times - THES QS Top Universities, 201-300.
- Denne artikkelen bygger på «Princeton University» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.