Effusjon
Effusjon er lekkasje av gass gjennom ei lita opning. I prosessen strøymer individuelle molekyl gjennom opninga utan å kollidere med andre molekyl. Dette skjer om diameteren til holet er langt mindre enn midlare fri bane for molekyla.[1] I følgje Grahamlova er raten gassane effunderer (t.d. kor mange molekyl som passerer gjennom holet per sekund) avhengig av molekylvekta. Gassar med låg molekylvekt effunderer raskare enn gassar med høg molekylvekt. For to gassar med same temperatur (og same spesifikke varme), og dermed same kinetiske energi er kvadratisk middelverdi av molekylfarten, , til kvar gass gjeven med denne likninga
der er Boltzmannkonstanten. Lettare molekyl har dermed høgare fart. Dette fører til at fleire molekyl passerer gjennom holet per tidseining. Dette er årsaka til at ein ballong fylt med hydrogen, som har låg molekylvekt, slepp ut gassen raskare enn ein lik ballong fylt med oksygen, som har høgare molekylvekt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Effusion» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ K.J. Laidler and J.H. Meiser, Physical Chemistry, Benjamin/Cummings 1982, p.18
Bakgrunnsstoff
endre- Grahamlova Arkivert 2013-07-25 ved Wayback Machine.