Egersund kyrkje er ei lafta krosskyrkje ved torget i Egersund. Det har vore kyrkje på staden sidan tidleg mellomalder, men den noverande kyrkja vart oppført som langkyrkje i 1623–34. Så vart ho bygd om og utvida til krosskyrkje i 1785–88 av den tyske tømmermannen Ludvig Feyling, som mellom anna heva taket, bygde inngangspartiet mot sør og lagde ein ny preikestol, som vart montert utanpå den gamle. I 1940 vart den opphavelege preikestolen oppdaga bakom den nye og sett i stand. Årstalet 1583 er skore inn i døypefonten, og sjølv om det er usikkert om fonten er så gamal, er dette den eldste gjenstanden i sjølve kyrkja. Altartavla er frå 1607 og vart gjeven til kyrkja av lensherren Jørgen Kaas og hustrua Mette Banner. Altartavla er måla og signert av stavangermålaren Peter Reimers.

Egersund kyrkje
kyrkje
Foto: Kjetil Ree
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Dalane
Sokn Egersund
Fellesråd Eigersund
Arkitekt Ludvig Feyling (1785–88), Egil Hanshuus (1927–40)
Teknikk Laft
Material Tre
Innvigd 1634
 - Endringar 1785–88, 1927–40
Tårn I vest
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1600-talet
Døypefont Datert 1583
Altartavle Peter Reimers (1607)
Orgel Rieger Orgelbau (2002)[1]
Sitjeplassar 1090[2]
Diverse Galleri i to etasjar
Kart
Egersund kyrkje
58°27′07″N 6°00′00″E / 58.4519°N 5.9999°E / 58.4519; 5.9999
Wikimedia Commons: Egersund kirke
Altar i kyrkja

Fotnotar endre

  1. Jf. spesifikasjonar
  2. Kyrkjesøk

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre