Egersundsposten var ei lokalavis for Egersund. Avisa vart grunnlagt i 1865 av Oscar Andersen frå Risør og nedlagt i 1940. Ho var den eldste avisa i Rogaland da ho vart nedlagt.

Historie endre

Første nummer vart utgjeve den 1. juli 1864 og vart trykt hjå Oscar Andersen, som tidlegare hadde gjeve ut Flekkefjord Budstikke. Trykkpressa vart frakta til Egersund sjøvegen, det vil seie på ei skøyte, og dei fekk ein del problem med leveringa: Isen hadde frose i hamna og dei laut bera alt utstyret frå sjøen og opp gjennom Grøne Dalen. På vegen miste dei ei øskje med setjebokstavar i bakken slik at dei blei strødde utover. Mange av bokstavane ligg framleis på ein ukjend stad mellom Grøne Dalen og sjøen.

Etter eit halvt år vart Egersundsposten teken over av Rasmus Pedersen Ohme frå Stavanger. Avisa kom ut to gonger i veka og inneheldt til å begynna med ikkje så mykje lokalstoff ettersom redaktøren ikkje hadde nok ressursar til å få med seg alt som skjedde i byen.

I 1894 tok Jacob Friele frå Bergen over som redaktør i Egersundsposten. Han var tilhengjar av unionen med Sverige. Friele brukte ein kvar sjanse til å kritisere venstrefolka, som på si side brukte Dalane Tidende til å formidle sine meiningar.

Sonen hans Rasmus P. Ohme, Peder R. Ohme, vart ansvarleg utgjevar frå 1905. Han hadde da arbeidd ei god stund i avisa frå før. Han stod som ansvarleg utgjevar fram til 1928, da sonen hans, Asbjørn H. Ohme, tok over som tredje generasjon.

Siste redaktør i Egersundsposten var Halvdan Slettebøe. Etter andre verdskrigen, da Egersundsposten ikkje lenger kom ut, vart han redaktør i Dalane Tidende.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre