Eggedal stavkyrkje

Tidlegare stavkyrkje i Sigdal

Eggedal stavkyrkje eller Hovland stavkyrkje låg ved garden Hovland (gnr. 48), om lag ein kilometer nord for dagens Eggedal kyrkje, og vert ofte omtala med Hovland-namnet. «Sigurdr prestr i Eggiadale» er omtala[1] i 1334. Ifølgje Lorentz Dietrichson[2] tyder Hovland-namnet på at kyrkja stod på eit tidlegare hov. Kyrkja er òg omtala av Jens Nilssøn i samband med hans visitasreise i 1595: «Till Sigdall ere 2. annexer [...] Den anden annex heder Eggedall men kircken Hofflandt liggendis i norduest 3 mijll fra hoffuit kircken, der giøris tienniste huer tredie Søndag.»[3]

Toppstykket frå stavkyrkjeportalen frå Eggedal
Foto: Giovanni Franceschi

Kyrkja var opphaveleg ei langkyrkje. Det opphavelege koret er ikkje skildra i litteraturen, men ein trur at det var smalare enn skipet, og hovudenden frå to stavar som kan ha vore frå dette, er tekne vare på. Dette koret vart truleg rive i 1651.[4] Skipet skal ha blitt utvida mot vest i 1630 (også i stavverk), rett etter at ei tilsvarande utviding fann stad ved hovudkyrkja.[4] Etter desse endringane stod kyrkja fram som ein langstrekt og smal bygningskropp med hjørnestavar og med to mellomstavar på kvar langside. Skipet og koret hadde då same breidd, og kordelen (ikkje den opphavlege) var stykkjet austover frå dei austlegaste mellomstavane.[4][5] Ein synfaringsrapport frå 1673–75 skildrar kyrkja som ei stavkyrkje, men det var «udi Kirken ingen Loft, ei heller ingen haver været».[2] Dietrichson hevdar òg at kyrkja ifølgje ein synfaringsrapport frå 1688 på den tida framleis hadde sval rundt omkring tekt med spon.[2] I samband med ei synfaring i 1724 heiter det: «... denne Hoflands kirke er fra første tid, opsat med træ Reise værck hvis størrelse da ickun haver vaaren 8te alen lang imellem øverste og nederste hiørne stolper, og siden er den bleven med lige saadant Reiseværck tilbygget oven og neden, at den nu i alt er 22 al. lang og 6 al. bred, hvortil atter igien siden er bleven tilbygget 2de tømrede vinger at den nu er en Kors Kirke...»[4]

Kyrkja vart riven i 1881 etter at ny Eggedal kyrkje vart innvigd 18. september 1878. Før rivinga vart kyrkja undersøkt av arkitekt Håkon Thorsen, og resultata vart publiserte av Nicolay Nicolaysen i Fortidsminneforeningen si årbok 1881.[4] Av denne går det fram at kyrkja var «... for største delen en reisverksbygning med den for disse bygninger sedvanlige sperkonstruktion. Ved en, paa grund af aarstallet i vindfløyen, antagelig 1680 foretagen istandsættelse var den tilbygget en korsarm midt på hver af langsiderne, et sakristi mot øst og en sval foran vestre indgang, alt af laft, ligesom den omgivende svalgang, som bygningen oprindelig maa have havt, rimeligvis dengang blev borttagen.» Interiøret er kjent frå eit bilete måla av Ernst Josephson i 1872.

Bevarte gjenstandar frå stavkyrkja endre

I dagens kyrkje endre

Ei rekkje etterreformatoriske inventargjenstandar i dagens Eggedal kyrkje har vore i stavkyrkja. Det gjeld til dømes altartavla frå 1720[6] og preikestolen.[7]

Korskiljet i dagens kyrkje er rekonstruert med bruk av gamle delar. Av desse er søyleskafta opphavelege, ifølgje «Norges kirker». Dei arkaiske stavemåtane som er nytta på akantuskrona, kan òg tyde på overføring.

Fire måleri av apostlar (Peter, Johannes, Matteus og Jakob), som ein trur er måla etter manieristiske førebilete, er å finne i ein nisje, og det finst oòg eit måleri av Jesusbarnet.

Vidare omtalar «Norges kirker» kalk og disk frå 1600-talet, utan at oppbevaringsstad er eksplisitt fastslege. Det same gjeld eit dåpsfat i sylv som skal vore gjeve av Georg Peter Rasch, som var sorenskrivar i Sigdal 1840–1853, og ei kiste frå 1700-talet. Ei mellomalderklokke skal vere teken vare på, truleg ved kyrkja.

Anna endre

I samband med rivinga vart ifølgje Dietrichson[8] to groteske dyrehovud av tre (som frå korboga i Veggli stavkyrkje) og tre forskjellige delar av ein utskoren portal sende til Oldsaksamlinga. «Norges kirker» omtalar ein døypefont frå noko etter 1724 som tidlegere skal ha vore i Nordiska museet, men inventarnummeret UO 34295 tyder på at fonten no er i Oldsaksamlinga. Det same gjeld eit oblatjarn (UO 33273). Mellom andre gjenstandar omtala med museumsnummer knytta til Oldsaksamlinga er eit krusifiks (UO 10786), ein del av eit krusifiks (UO 10787), ein treskulptur av Maria med barnet (UO 10785), ein treskulptur av Jakob den eldre (UO 24768) og eit kopparfat (UO 33297).

Ei mellomalderljosekrone er i Drammens museum (gjenstandsnr. D.1453).

Ei rekkje gjenstandar frå Eggedal har museumsnummer knytta til Norsk Folkemuseum utan at det står eksplisitt at dei kjem frå kyrkja. Det gjeld tre ljosestakar (NF 1987–1420AB[9], NF 1987–1435[10] og NF 1987–1436[11]), to fat (NF 1987–0726[12] og NF 1987–0768[13]) og to gravskjold (NF 1987–1705[14] og NF 1987–1706[15]).

Eit blyglasvindauge i Christian Skredsvig sin heim Hagan skal stamme frå stavkyrkja.[16] Det same gjeld ein snodd stolpe same staden.[17]

Ein renessansepilaster frå kyrkja som er oppbevart på Rugland gard, er moglegvis frå 1600-talsinnreiinga. «Norges kirker» omtalar òg andre gjenstandar som kan tenkast å ha vore brukte i stavkyrkja.

Kjelder endre

  1. Diplomatarium Norvegicum I:230
  2. 2,0 2,1 2,2 Dietrichson (1892), s. 450.
  3. Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 353. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Norges kirker
  5. Dietrichson (1892), s. 450–451.
  6. Avbilda hos Kyrkja i Sigdal og Eggedal.
  7. Avbilda på Kyrkjesøk.
  8. Dietrichson (1892), s. 451.
  9. Avbilda i Digitalt museum.
  10. Avbilda i Digitalt museum.
  11. Avbilda i Digitalt museum. Skal ha vore innom Nordiska museet.
  12. Avbilda i Digitalt museum.
  13. Avbilda i Digitalt museum. Skal ha vore innom Nordiska museet.
  14. Avbilda i Digitalt museum.
  15. Avbilda i Digitalt museum.
  16. Facebook-side for Hagan
  17. Ekspedisjon Eggedal – Skredsvigs Hagan (privat blogg)
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre