Egil
mannsnamn
Egil, Eigill eller Eigil er eit gamalt skandinavisk og færøysk mannsnamn som kan vere danna frå dei norrøne orda agi, «tukt, respekt», egg, «sverdegg», eller age, «ære».
Egil har namnedag den 5. november i Noreg og på Færøyane, 17. november i Estland og 3. juli i Finland.
Sogehelten Egil opptrer i Volundkvadet og Soga om Didrik av Bern.
Namneberarar
endre- Eigil av Fulda (ca. 750-822), abbed ved Fulda
- Egil Skallagrimson (ca. 910-990), islandsk høvding
- Egill Eyjólfsson (1295–1341), islandsk biskop
- Egil Hjorth-Jenssen (1893-1969), norsk skodespelar, teatersjef og forfattar
- Egil Storbekken (1911–2000), norsk komponist og fløytespelar
- Egil Lærum (1921-1954), norsk idrettsmann
- Egil Hovland (1924-2013), norsk komponist
- Egil Monn-Iversen (1928-2017), norsk komponist og arrangør
- Egil Danielsen (f. 1933), norsk spydkastar
- Egil «Bop» Johansen (1934–1998), norsk jazzmusikar
- Egil Kapstad (1940-2017), norsk jazzpianist
- Egil «Drillo» Olsen (f. 1942), norsk fotballtrenar
- Egil Myklebust (f. 1942), norsk forretningsmann og industrileiar
- Egil Søby (f. 1945), norsk kajakkpadlar
- Egil Olli (f. 1949), norsk samisk politikar
- Egil Ólafsson (f. 1953), islandsk skodespelar
- Egil Eldøen (f. 1959), norsk songar og låtskrivar
- Egil Nyhus (f. 1962), norsk teiknar
- Egil Kristiansen (f. 1966), norsk langrennsløpar og -trenar
- Egil Hegerberg (f. 1970), norsk musikar, kjend under artistnamnet Bare Egil
- Egil Østenstad (f. 1972), norsk fotballspelar
- Per Egil Ahlsen (f. 1958), norsk fotballspelar
- Per Egil Flo (f. 1989), norsk fotballspelar