Egil Østenstad
Egil Johan Østenstad (fødd 2. januar 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Torvastad. Han var aktiv to periodar i Viking FK og deltok i 18 landskampar. Perioden 1996-2003 tenestegjorde han i engelsk klubbfotball. Østenstad var midtspiss.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Egil Johan Østenstad | ||
Fødselsdato | 2. januar 1972 (52 år) | ||
Fødestad | Haugesund | ||
Høgd | 1,83m[1] | ||
Posisjon | Angrep | ||
Ungdomsklubbar | |||
Torvastad IL | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1990–1996 | Viking FK | 128 | (54) |
1996–1999 | Southampton | 96 | (29) |
1999–2003 | Blackburn Rovers | 62 | (12) |
2001 | → Manchester City (lån) | 4 | (0) |
2003–2004 | Rangers | 11 | (0) |
2004–2005 | Viking FK | 33 | (16) |
Totalt | 334 | (111) | |
Landslag | |||
1993–2005 | Noreg | 18 | (6) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Karriere
endreKlubbspel
endreØstenstad melde overgang frå fjerdedivisjonslaget Torvastad til Viking i 1990. Året etter fekk han ein del speletid på Viking-laget som vart seriemeister 1991, utan å få nok kampar til medalje. Gjennombrotet kom i 1993 då vart han lagets toppskårar med 10 seriemål. 1996-sesongen skåra Østenstad heile 23 mål i eliteserien, einast Rosenborgs Harald Brattbakk skåra fleire.
Hausten 1996 fekk Østenstad kontrakt med Southampton FC. Etter ein fin fyrste sesong fekk han noko mindre speletid etter byte av sjefstrenar. I slutten av august 1999 vart han overført til nivå 2-laget Blackburn Rovers. Også i Blackburn hadde han ein bra fyrste sesong, sidan vart det mykje benkesliting fram til 2003. Etter ein svak 2003/04-sesong i skotske Rangers FC reiste Østenstad tilbake til Stavanger og Viking FK. Han ytte mykje til at laget berga eliteserieplassen i 2004, men la opp ved sesongslutt i 2005.
Landslagsspel
endreØstenstad landslagsdebuterte borte mot Færøyane i august 1993. Han skåra to av måla då Noreg vann 7-0. I sin andre landskamp, borte mot Nord-Irland i Belfast 27. mars 1996, fastsette han sluttresultatet til 2-0. Også då Noreg vann med 4-2 over Brasil i ein vennskapskamp 30. mai 1997, skåra Østenstad det siste målet i kampen. Han var med i den norske troppa til Fotball-VM 1998, der var han innbytar i kampen mot Skottland som enda 1-1. 7. september 2005 overraska landslagssjef Åge Hareide å starte VM-kvalifiseringskampen mot Skottland med Østenstad som midtspiss. Dermed fekk Østenstad sin 18. landskamp, over seks år etter den førre. Ikkje i ein einaste av dei 18 kampane spelte han i 90 minuttar. Totalt skåra han 6 mål for Noregs landslag.
Kjelder
endre- ↑ Chalk, Gary; Holley, Duncan; Bull, David (2013). All the Saints: A Complete Players' Who's Who of Southampton FC. Southampton: Hagiology Publishing. s. 421. ISBN 978-0-9926-8640-6.
- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Egil Østenstad» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2020.