Opna hovudmenyen

Egil Gjelland

norsk skiskyttar

Egil Gjelland (fødd 12. november 1973) er ein norsk skiskyttar-trenar og tidlegare skiskyttar frå Voss.

Egil Gjelland
Fødd 12. november 1973
Voss
Yrke skiskyttar, skiskyttertrener

Gjelland sine beste resultat har kome på stafettlaget. I Salt Lake City i 2002 vann han gull saman med Ole Einar Bjørndalen, Halvard Hanevold og Frode Andresen. I VM 2005 i Hochfilzen var Gjelland på nytt med på å ta stafettgull, Noregs første VM-gull i stafett på 38 år.

Den hittil einaste individuelle sigeren i verdscupen tok Gjelland på jaktstarten 17. desember 2004 i Östersund.

Egil Gjelland er sidan 2002 gift med skiskyttaren Ann Elen Skjelbreid.

ResultatEndra

  • OL: Stafettgull i 2002, stafettsølv i 1998
  • VM: Stafettgull i 2005, tre stafettsølv
  • Verdscupen: Ein siger (2004), to sølv, fire bronse
  • Verdscupen samanlagt: 7. plass 2000/01

BakgrunnsstoffEndra