Ann Elen Skjelbreid

norsk skiskyttar

Ann Elen Skjelbreid (fødd 13. september 1971) er ein norsk tidlegare skiskyttar og langrennar frå Hålandsdalen i Fusa kommune. Ho vart verdsmeister i lagtevlinga både i 1995 og 1997, og vann sølvmedaljen i 7,5 km sprint under VM i skiskyting 1996. Mellom 1994 og 2002 var ho med å vinne seks medaljar i lagtevlingar og stafetter i ymse verdsmeisterskap og olympiske leikar. Sidan 2002 er ho gift med Egil Gjelland. Liv Grete Skjelbreid er hennar yngre syster.

Ann Elen Skjelbreid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. september 1971 (52 år)
Bergen
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1994, biathlon at the 1998 Winter Olympics – women's relay, biathlon at the 2002 Winter Olympics – women's relay

Skiskyting endre

Skjelbreid debuterte i verdscupen i skiskyting i 1994. Ho deltok i vinterleikane på Lillehammer der ho vart nummer 17 på sprinten og gjekk fyrste etappen for det norske laget som vart nummer fire. Saman med Åse Idland, Hildegunn Fossen og Annette Sikveland utgjorde ho det norske mannskapet som i slutten av mars 1994 tok bronsemdaljen då verdsmeisterskapen i lagtevling vart arrangert i Canmore i Canada.

I 1995-sesongen nær Skjelbreid seg verdseliten med ein sjuandeplass i sprintrennet på Lillehammer. Under VM i skiskyting 1995 i Antholz gjekk ho på ny startetappen i stafetten, i tevlinga som enda med norsk bronsemedalje. Dei andre på laget var Fossen, Sikveland og ankerkvinna Gunn Margit Andreassen.

Vinteren 1996 tok Skjelbreid opp på sigerspallen i verdscupen for fyrste gong. I bulgarske Osrblie kom ho på andreplass på 15 km, fattige 2,2 sekundar bakom Andreja Grašič frå Slovenia. I verdsmeisterskapen i Ruhpolding same sesongen vann ho si einaste individuelle VM-medalje, ei sølvmedalje. Med ei strafferunde i 7,5 km sprint måtte ho sjå seg slått med 10,4 sekundar av russiske Olga Romasko, som trefte på alle dei ti blinkane.

I 1997 var Skjelbreid tilbake i Osrblie, der ho under verdsmeisterskapen vann sølv i 4 x 7,5 km saman med Fossen, Andreassen og systera Liv Grete. Året etter vart det ein ny stafettmedalje på systrene Skjelbreid, Andreassen og Anette Sikveland under Vinter-OL 1998 i Nagano. Både Skjelbreid på startetappen og Sikveland på andre etappe pådrog seg strafferundar, noko som gjorde at gullet gjekk fløyten då Tyskland og Russland unngjekk strafferundar. Desse to lag var einast 24 og 12 sekundar framom Noreg.

Etter tre medaljefrie verdsmeisterskap gjekk Skjelbreid som vanleg startettappen for det norske stafettlaget i Vinter-OL 2002 i Salt Lake City. Saman med Linda Tjørhom, Gunn Margit Andreassen og systera Liv Grete syrgde ho for norsk OL-sølv, slått einast av eit sterkt tysk lag.

Ann Elen Skjelbreid la opp etter 2004-sesongen. Ho vann aldri eit individuelt verdscuprenn, men enda fem gongar på andreplass.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff endre