Egill Reimers (18. juli 187811. november 1946), fødd og død i Bergen, var rekna som ein av dei mest markante arkitektane i Bergensområdet i første halvdel av 1900-talet. Reimers var ferdig utdanna som arkitekt ved Technische Hochschule, München i 1902, og arbeidde først ved Stadskonduktøren sitt kontor i Bergen, før han i 1904 starta eigen praksis. Reimers har i sine arbeid nytta alt frå jugendstil via nyklassisisme til funksjonalisme. Gjennom heile produksjonen viser verka hans ei forankring i byggetradisjonen i Bergen.

Egill Reimers
Fødd 18. juli 1878
Bergen
Død

11. november 1946 (68 år)
Bergen

Yrke arkitekt, skippar
Egill Reimers på Commons

VerkEndra

Bygningen i Vetrlidsallmennigen 4 (1904) og Turnhallen (Danseteateret) i Sigurdsgate 6 (1908) har begge tydeleg preg av jugendstil. I 1908 teikna han sitt eige hus Kirkeveien 6, eit tidleg eksempel på den kommande nasjonalromantikken. Villaen i Formanns vei 42 er rekna som eit fint eksempel på bergensstilen i dette området. Villaen i Øvre Kalfarlien 42 (1915) voks opp av terrenget og er ein forløpar til Bergensskulen. Konsertpaleet (1918) var opphavleg konsertsal med 1200 sitjeplassar, men vart ombygd til fire kinosalar i 1981.

Statsarkivet i Bergen, Årstadvegen 22 (1918-1921) er rekna som eit av hovudverka hans. Bygget viser tydeleg spor etter arbeidet til Egill Reimers med restaureringa av Selje kloster, i tillegg til at det er inspirert av det gamle stiftsarkivet på Klosteret, og andre gamle steinbygningar i Bergen. Han mottok Houens fonds diplom for dette bygget i 1924. Reimers teikna Historisk Museum (Dei kulturhistoriske samlingane) etter ein reguleringskonkurranse i 1918. Bygget stod ferdig i 1927. For Universitetet i Bergen teikna han Geofysisk institutt (1928-51). Andre sentrale bygg av Reimers er Tinghuset i Bergen frå 1928, innvia i 1933. I 1930 teikna Reimers garasjen for brødbilane til Smith Sivertsens bakeri. Det bygget er rekna som det første funksjonalistiske bygget oppført i Bergen.

SportEndra

Egill Reimers var med på det norske gullaget med seglbåten Heira II (12 meter) ved Sommar-OL i Amsterdam/Antwerpen i 1920. Dei andre ombord var Arthur Allers, Martin Borthen, Johan Friele, Kaspar Hassel, Christen Wiese, Erik Ørvig, Olaf Ørvig og Thor Ørvig.

OL-medaljeEndra