Egon Krenz (fødd 19. mars 1937) er ein tidlegare kommunistisk politikar i DDR, som han leidde etter partifellen sin Erich Honecker frå 18. oktober til 6. desember 1989.

Egon Krenz

Bakgrunn endre

Krenz var fødd i Kolberg (no Kołobrzeg i Polen). Familien hans slo seg ned i Damgarten i Nordvorpommern etter at tyskarar blei utviste frå Hinterpommern i 1944.

Politikk endre

Krenz gjekk inn i Sozialistische Einheitspartei Deutschlands i 1955. Han var lenge leiar av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen i DDR FDJ, og også av barneorganisasjonen Junge Pioniere (1971-1974). I 1989 var han leiar for DDR i tre månader, fram til landet og «jernteppet» braut saman.

Etter den tyske gjenforeninga vart han stilt for retten for brotsverk som hadde hendt under den kalde krigen, spesielt drapa på personar som freista flykta over muren i Berlin, og for å ha vore ansvarleg for dei vala DDR-regimet hadde manipulert og andre kriminelle aktivitetar. Etter lange rettssaker vart han i 1997 dømd til seks og eit halvt år i fengsel. Sidan han anka dommen vart han likevel sett fri frå varetekt medan ein venta på behandlinga av anken. I 1999 stadfesta den tyske høgsteretten dommen. Krenz skildra det som «sigersjustis» og «kald krig i rettssalen». 11. januar 2000 avviste forfatningsdomstolen ei klage frå Krenz, og 13. januar byrja han soninga i Berlin-Spandau. Han vart sett fri før tida etter å ha sona i tre år jula 2003, og etter at ei psykiatrisk undersøking slo fast at det var forsvarleg å sette han fri. Etter frigjevinga slo han seg stilt ned i Dierhagen i Mecklenburg.

Bakgrunnsstoff endre