Kołobrzeg (tysk Kolberg, kasjubisk Kòłobrzeg) er ein by sentralt i Pommern, nordvest i Polen med i underkant av 50 000 innbyggjarar. Kołobrzeg ligg ved elva Parsęta på sørkysten av Austersjøen (i området delt mellom elvane Oder og Wisła.

Kołobrzeg
by
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Vestpommerske voivodskap
Areal 25,7 km²
Folketal 44 340 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 900-talet
Postnummer 78-100 til 78-106
Retningsnummer +48 94
Bilnummer ZKL
Kart
Kołobrzeg
54°10′34″N 15°34′34″E / 54.176111111111°N 15.576111111111°E / 54.176111111111; 15.576111111111
Wikimedia Commons: Kołobrzeg
Sentrum av byen.
Foto: D.kwiatek

Namnet på byen vart første gong nemnd av Thietmar av Merseburg som Salsa Cholbergiensis. Han vart grunnlagd på ny i seinmellomalderen og vart då regionssenter på kostnad av den tidlegare slavisk-pommerske Budzistowo. Som ein by i Hansaen med Lübeck-rettar, vart byen eit urbant senter for det romersk-katloske bispedømet Cammin. Då Kolberg vart ein del av det brandenburgske Pommern i tidleg moderne tid, stod dei imot Napoleon sine troppar i omleiringa av Kolberg. Frå 1815, var han ein del av Kongedømet Preussen i Pommern. I 1945 vart byen ein del av Polen og den tyske folkesetnaden som ikkje flykta før den raude armeen kom til staden, vart seinare kasta ut. Byen vart øydelagd under slaget ved Kolberg, og vart gjenoppbygd. Han mista derimot statusen som regionssenter til fordel for den nærliggande byen Koszalin.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kołobrzeg