Jernteppet eller jarnteppet var grensa som symbolsk, ideologisk og fysisk delte Europa inn i to delar, ein vestleg, for det meste demokratisk del, og ein austleg kommunistisk del etter Den andre verdskrigen og fram til slutten av Den kalde krigen, frå omtrent 1945 til 1991. Omgrepet blei først brukt etter at Winston Churchill brukte det i ein tale ved Westminster College i Fulton, Missouri, USA.

«Jernteppet» som delte Europa frå 1945 til 1989. Land dominert av Sovjet i raudt, land i allianse med USA i blått og nøytrale land grå. Jugoslavia var ein kommunistisk stat, men var uavhengig av dei andre landa i aust. Albania braut med austblokka tidleg på 1960-talet og knytte tettare band med Kina

Politiske, økonomiske og militære realitetar endre

Aust-Europa endre

Etter at jernteppet var kome på plass, var somme land i Aust-Europa og mange i Sentral-Europa (bortsett frå Vest-Tyskland, Liechtenstein, Sveits og Austerrike) under sovjetisk innverknad. Rett nok blei mange sentraleuropeiske statar aust for jernteppet ofte rekna for å vere ein del av Aust-Europa og ikkje sentral-Europa.

I Vesten blei det vanleg å referere til Aust-Tyskland og Tsjekkoslovakia som ein del av Aust-Europa. Sjølv om Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia og Polen låg lengre vest enn store delar av Austerrike, i tillegg låg Praha lengre vest enn Wien.

Dei einaste statane i aust som hadde fullt sjølvstende var Albania og Jugoslavia. Men begge desse landa var som resten av austblokka kommunistiske.

Aust for jernteppet utvikla dei sine eigne økonomiske og militære alliansar, COMECON og Warszawapakta.

Vest-Europa endre

Landa i Vest-Europa var demokratiske, bortsett frå den lange perioden med fascisme i Spania (til 1975) og Portugal (til 1974) og militærdiktatur i Hellas (1967-1974) og i fleire periodar i Tyrkia.

Statane vest for jernteppet var allierte med USA, for det meste gjennom Nato, bortsett frå Sveits, Sverige, Finland og Irland som var nøytrale, og Spania, som hadde ein eigen avtale direkte med USA. Økonomisk var EF/EU og EFTA Vesten sine motstykke til COMECON.