Ehden (اٍهدن på arabisk) er ein fjellby i hjartet av dei nordlege fjella i Libanon og på sørvestsida av fjellet Makmal i Libanonfjella. Byen ligg i Zgharta distrikt.

Ehden
اٍهدن
by
Ehden
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Zgharta distrikt
Høgd 1 500 moh.
Koordinatar 34°18′30″N 35°58′0″E / 34.30833°N 35.96667°E / 34.30833; 35.96667
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Ehden
34°17′31″N 35°57′16″E / 34.291944°N 35.954556°E / 34.291944; 35.954556
Wikimedia Commons: Ehden

Ehden er ein kjend sommarferiestad og turistsenter. Fjellbyen ligg 1500 meter over havet og 31 km frå Zgharta, 110 km frå Beirut og 39 km frå Tripoli.

Ehden i solnedgang
Kafear i Ehden
Horsh Ehden

Etymologi endre

Ehden kjem frå arameisk og tyder «foten av fjellet». Plasseringa av Ehden ved foten av fjellet Mar Sarkis støttar denne forklaringa.[1]

Historie endre

Ehden har historie som går attende til antikken. Innbyggjarane omforma dei steinete åsane til dyrkbar mark. Ehden var den opphavlege heimstaden til innbyggjarane som seinare grunnla Zgharta ved den libanesiske kysten på 1500-talet. Dette var vinterheimen deira, sidan Ehden kan få ein god del snø om vinteren.

I 850 fvt kom den arameiske kongen Hadadezer til Ehden og bygde han om. Han sette opp ein statue av guden Baal Loubnan eller Snøguden. I 700 fvt kom Sennacherib, ein assyrisk konge gjennom byen, øydela han og velta statuen. I 300 fvt bygde Selevkos I, leiaren for ein ein del av armeen til Aleksander den store opp att Ehden. Selevkos I bygde òg eit stort tempel på austsida, der han reiste ein statue av solguden Helios. I 64 fvt. erobra og øydela Pompeius Ehden. Det var først då kristendomen kom til området at syrarane bygde han opp att.

I 1264 støtta folket i Ehden krosstoga i slaget om byen Tripoli. I 1283 invaderte armeen til mamelukk-sultanen Qalawun Libanonfjella og sette Ehden i brann. i 1586 brann Ehden nok ein gong.

Byggverk endre

 
Ein statue av Jesus nær Ehden.

Dei første kyrkjene i Ehden vart bygd over eit heidensk tempel. Det store tempelet vart bygd av Selevkos, men vart øydelagd i år 60 fvt. Stein frå tempelet vart sidan nytta til å byggje fem kyrkjer i Ehden. Det er i dag i alt 23 kyrkjer i Ehden. I tillegg er det seks kloster.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Moubarac, Y. (1984). Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk - Volume 2 - Part 2, Cenacle Libanais, Beirut. page 634

Bakgrunnsstoff endre