Eide kyrkje i Grimstad

kyrkje i Grimstad kommune

Eide kyrkje er ei lafta krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.

Eide kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Grimstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Eide
Fellesråd Grimstad
Type Krosskyrkje
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 17. juli 1825 (men bygd i 1795)
 •  Endringar Restaurert i 1960- og 1970-åra og på 2000-talet
Klokker 1734 og 1762
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Av Guttorm Persen Eftestøl, 1807, med evangelistbilete
Døypefont Laga til eit dåpsfat frå 1650
Altartavle 1661 (overmåla)
Orgel Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1987
Sitjeplassar 350
Kart
Eide kyrkje
58°16′15″N 8°28′51″E / 58.2709°N 8.4809°E / 58.2709; 8.4809
Wikimedia Commons: Eide kirke, Grimstad

Kyrkja skal vere den tredje på staden. Ho vart for det meste oppført i 1795 og teken i bruk året etter, men vart ikkje rekna som fullført før i 1807. Formelt innvigd vart ho først den 17. juli 1825.

Mykje av målararbeidet i kyrkja vart i si tid utført av Guttorm Persen Eftestøl, som òg har laga preikestolen. Som i mange kyrkjer har ein måla over det gamle, for så å restaurere kyrkja eit stykkje ut på 1900-talet. Noko av inventaret er overført frå dei tidlegare kyrkjene.

Litteratur

endre

Bakgrunnsstoff

endre