Ein HaBesor
Ein HaBesor (hebraisk skrift עֵין הַבְּשׂוֹר, tyder 'Besorkjeldene') er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Hevel Eshkol-området nordvest i Negevørkenen nær grensa til Gazastripa og kring ein kilometer frå Magen og høyrer til Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 684 innbyggjarar.
Ein HaBesor | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1982 | ||
- Grunnlagd av | evakuerte nybyggjarar | ||
Tilhøyrsle | moshavrørsla | ||
![]() Ein HaBesor | |||
Wikimedia Commons: Ein HaBesor | |||
HistorieEndra
Ein Besor var ein egyptisk stoppestad langs handelsruta i Nord-Negev under det første dynastiet. Leiren låg der Tell es-Sakan ligg i dag.[1][2]
Den moderne moshaven vart grunnlagd i 1982. Somme av innbyggjarne kom frå Sadot, ein israelsk busetnad i Sinaiørkenen som vart evakuert etter at den egyptisk-israelske fredsavtalen vart signert.[3]
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Ein HaBesor» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ McGovern, Patrick E. (2003) Ancient Wine: The Search for the Origins of Viniculture Princeton University Press, ISBN 0-691-07080-6 p 101
- ↑ Hornsey, Ian Spencer (2003) A Historie of Beer and Brewing Royal Society of Chemistry (Storbritannia) ISBN 0-85404-630-5 s. 53
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (red.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 412. ISBN 965-7184-34-7. (he)
BakgrunnsstoffEndra
- Ein HaBesor Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. på Negev informasjonssenter (he)