Ein Yahav (hebraisk skrift עֵין יַהַב) er ein moshav i Israel. Han ligg i nord i Arava, 12 km sør for Hatzeva og høyrer til Sentral-Arava regionale kommune. Han er kalla opp etter Yahav-kjelda (hebraiske: Ein Yahav; arabisk: Ein Weibeh), sørvest for moshaven. I 2005 hadde han kring 500 innbyggjarar.[1]

Ein Yahav
עֵין יַהַב
moshav
EinYahav from outside.jpg
På veg inn i Ein Yahav.
Namneopphav: Yahav-kjelda
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sentral-Arava
Koordinatar 30°39′30.6″N 35°14′12.48″E
Folketal 623 (2008)
Grunnlagd 1962
 - Grunnlagd av Eldre moshav-medlemmar
Tilhøyrsle Moshav Movement

Ein Yahav
30°39′31″ N 35°14′13″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ein Yahav

I 1950 vart det oppretta ein eksperimentell jordbruksstasjon ved Ein Yahav av medlemmar frå Shahal, ei rørsle som ønskte å busetje tørre område i Israel. Namnet kom frå det arabiske namnet på området, Ayn Wiba, og det romerske namnet Yahibu. Stasjonen vart fråflytta og den 7. oktober 1953, slo vetaranar frå Det israelske forsvaret seg ned der.[2] I 1959 vart det grunnlagd ei Nahal-busetjing 5 km aust for den opphavlege. I 1962 vart han sivilisert og eldre moshav-innbyggjarar flytta inn. I 1967 vart han flytta til den noverande plasseringa.[1] Ein-Yahav har ein flyplass i nærleiken (Flyplaskode: EIY).[3]

Det ligg ein koparsmeltestad frå antikken nær Ein Yahav. Ei lita høgd med svartfarga sider, hovudsakleg dekt av knust koparslagg. Ein trur at smeltestaden var i drift tidleg i bronsealderen.

Ein Yahav ligg 100 m under havnivå, mellom elvane Yahav og Nikrot, sideelvar til Arava.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 415. ISBN 965-7184-34-7. 
  2. 2,0 2,1 Vilnai, Ze'ev (1978). «Ein Yahav». Ariel Encyclopedia. Volume 6. Tel Aviv i Israel: Am Oved. s. 5741–5742.  (he)
  3. «Information about Ein Yahav Airfield». Worldwide airport database. Henta 8. september 2015.