Hatzeva (hebraisk skrift חֲצֵבָה) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Arava, 12 km nord for Ein Yahav og høyrer til Sentral-Arava regionale kommune. Han er kalla opp etter den nærliggande Hatzeva-festninga. I 2005 hadde han eit folketal på kring 400. Hatzeva vart opphavleg grunnlagd i 1965 som ei Nahal-busetjing nær Aravavegen og vart ein moshav i 1968. I 1971 vart han flytta noko. Nær moshaven ligg Hatzefa feltskule, som ligg der moshaven opphavleg låg fram til 1971.[2]

Hatzeva
חֲצֵבָה
landsby
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Sentral-Arava
Koordinatar 30°46′3.72″N 35°16′48.72″E / 30.7677000°N 35.2802000°E / 30.7677000; 35.2802000
Folketal 462  (2008)[1]
Grunnlagd 1968
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Hatzeva
30°46′04″N 35°16′49″E / 30.7677°N 35.2802°E / 30.7677; 35.2802
Kart som viser Hatzeva.
Kart som viser Hatzeva.
Kart som viser Hatzeva.
Wikimedia Commons: Hazeva

Kjelder

endre
  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 8. april 2015. 
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 192. ISBN 965-7184-34-7.  (he)