Einar Theiste Boyesen (3. juli 188817. oktober 1972) var ein norsk skulemann. Han var formann i samordningsnemnda for skuleverket, som vart oppretta i 1947.

Einar Boyesen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juli 1888
Død

17. oktober 1972 (84 år)

Yrke ekspedisjonssjef

Utdanning og yrkeskarriere endre

Boyesen hadde eksamen frå krigsskolen 1907, og vart Cand. philol. i 1913. Han var lektor ved Halling og Aars & Voss skolar til 1924, deretter inspektør og lektor ved Vahl skole til 1930, og rektor ved Hamar offentlige lærarskole til 1938. I perioden 1938 – 1958 var Boyesen ekspedisjonssjef i skuleavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet.[1]

Som formann i samordningsnemnda for skuleverket tok Boyesen initiativ til eit møte om ein felles norsk-svensk politikk for samiskopplæring i Tromsø 29.8. 1947, som spelte ei viktig rolle i utarbeidinga av den såkalla Bergsland-Ruong-rettskrivinga.

Vitskaplege arbeid endre

Boyesen skreiv biografien til ein tobandsbiografi om Hartvig Nissen, reviderte Fredrik Ordings Pedagogikkens historie og skreiv ei historisk framstilling av Norsk korrespondanseskole.[2] Han utgav òg ein stor biografi om bokhandlar J.W. Cappelen.

Publikasjonar (utval) endre

  • 1947: Hartvig Nissen 1815–1874 og det norske skolevesens reform (1947)
  • 1953: J. W. Cappelen 1805–1878. Noen blad av norsk bokhandels og norsk kulturkamps historie (1953)
  • 1961: Norsk skolepolitikk og samene. Sámi ællin : Sámi Særvi Jakkigir'ji ... = Sameliv : Samisk Selskaps årbok ..., Nr. 4 (1959/1960), 5-33.
  • 1964: Norsk korrespondanseskole gjennom 50 år: 1914–1964 (1964)

Referansar endre

  1. For ein utfyllande gjennomgang av Boyesen si karriere, sjå Hvem er hvem 1973
  2. Pedagogikkens historie av Fr. Ording, 1950. Fulltekst på NBdigital

Bakgrunnsstoff endre