Hartvig Nissen

norsk filolog og skulemann

Ole Hartvig Nissen (17. april 18154. februar 1874) var ein norsk skulehaldar og embetsmann frå Melhus. Han var frå 1850-åra ein leiande skulemann i Noreg.

Hartvig Nissen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. april 1815
Melhus kommune
Død

4. februar 1874 (58 år)
Christiania

Yrke lingvist, filolog, politikar
Hartvig Nissen på Commons

Nissen var son til ein prest. Etter han vart student frå katedralskulen i Trondheim, tok han andreeksamen og var huslærar heime i Melhus. Der etter studerte han filologi ved universitetet i København og tok så i 1843 filologisk embetseksamen i Christiania. Same året starta han opp ein latin- og realskule i den norske hovudstaden. I 1849 starta han i tillegg opp ein jenteskule. I tida 1850-54 var han dosent i pedagogikk ved praktisk-teologiske seminaret, ei tid også konsulent for skulesaker i Kyrkjedepartementet.

I åra frå 1854 til -65 dreiv Nissen skulane sine, samstundes som han hadde stor innverknad på utviklinga av det norske skulesystemet gjennom ymse offentlege komitear. Mellom anna var han ein pådrivar då 11 av 14 norske «høiere skoler» vart omdanna til latin- og realskular. Frå 1865 var han ekspedisjonssjef i skuleavdelinga i Kyrkjedepartementet. Han var formann 1865 i ein kommisjon om det «høiere skolevæsen» og 1871 i ein kommisjon om allmugeskulen i byane.

Frå 1872 var Nissen rektor ved Kristiania katedralskole, men døydde allereie vinteren 1874.

Kjelder endre