Einar Breidsvoll

norsk journalist

Einar Breidsvoll (10. august 188931. desember 1959) var ein norsk redaktør, språkkonsulent og ordlistemann. Han vart fødd i Chicago i Sambandsstatane og voks opp i Heradsbygda i Elverum. I 1907 tok han realartium ved Otto Anderssens skule i Kristiania. Seinare studerte han realfag ved Universitetet.

Einar Breidsvoll
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. august 1889
Chicago
Død

31. desember 1959 (70 år)
Oslo

Yrke Redaktør, korrekturlesar

Som student vart Breidsvoll med i Bondeungdomslaget og Studentmållaget, i sistnemnde som formann både i 1911 og 1913. Seinare gav han ut jubileumsskrifter for båe desse laga. I haustsemesteret 1923 var han nestformann i «målstyret» til Kåre Fostervoll i Studentersamfundet.

I 1913 fekk han jobb som journalist i Den 17de Mai. I 1917 vart han redaksjonssekretær, og i 1927 vart han redaktør. Den stillinga heldt han til bladet gjekk inn i 1935. Deretter styrte han det venstrepolitiske vekebladet Noreg frå 1937 til krigsutbrotet i 1940.

Alt frå 1910-talet, da han mellom anna sette om biologibøkene for gymnaset til nynorsk vart han nytta til ymse slags konsulent- og forlagsarbeid for nynorske bøker. Frå 1917 var han varamedlem i styret i Det Norske Samlaget, vanleg styremedlem til 1936, formann til 1949 og så varamedlem att til 1959.

I 1934 tok professor Knut Liestøl han med i revisjonen av rettskrivingsframlegget for nynorsk. Breidsvoll gav seg sjølv noko av æra for at kløyvd infinitiv og supinum på i vart hovudformer i den endelege normalen. I 1938 gav Liestøl og han ut ei nynorsk ordliste på Samlaget. Han sette seinare opp ei ny utgåve i 1959 i samarbeid med Alf Hellevik.

Frå 1934 var han fast rettleiar i målbruk ved Det norske Teatret. Han var dessutan språkmedarbeidar ved filminnspelingar, ved Riksteatret, ved NRK og på Stortinget.

Kjelder endre