Bondeungdomslaget i Oslo
Koordinatar: Bondeungdomslaget i Oslo (BUL i Oslo) er eit lokallag av Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag, skipa 15. oktober 1899. Laget har til føremål å "samla norsklyndt bondeungdom til samvære og samarbeid på heimleg grunn og gjeva landsungdom i hovudstaden vern og hjelp. Laget vil auka vyrdnaden for bonden og bondeyrket og arbeida for atterreising av det norske folkemålet, for edruskap og for nasjonalt sjølvstende i alle leider".
Bondeungdomslaget i Oslo | |
Type | Frivillig organisasjon |
---|---|
Org.nummer | 938 619 417 |
Skipa | 15. oktober 1899 |
Hovudkontor | Rosenkrantz' gate 8, 0159 Oslo |
Dagleg leiar | Astrid Marie Grov |
Nettstad | www |
Laget vart stifta i ei tid då svært mykje ungdom frå bygdene (bondeungdom) flytta inn til hovudstaden for å skaffe seg arbeid. Berre frå 1890 til 1900 flytte det 75.000 menneske til Kristiania-området. Den sterke industrialiseringa på denne tida førte til ei stor sosial omvelting. Det var vanskelege levekår, både sosialt og kulturelt. Mange følte seg bortkomne, heimlause og møtte manglande respekt både for måten dei snakka på og tradisjonar dei tok med seg. Samstundes var landet midt oppe i den politiske striden om unionen med Sverige. Det var klassekamp mellom bondestanden og radikale byborgarar på den eine sida og embetsmannsklassen på den andre. Det var også ein sterk vekst i organisasjonslivet, og både mållag og ungdomslag voks fram over heile landet.
Bondeungdomslaget i Oslo vart altså skipa som ein del av ei politisk rørsle, men òg for å skape ein sosial og trygg samlingsplass for innflyttarar.
I dag har laget fem særlag: Idrottslaget, Leikarringen, Songlaget, Teaterlaget og Barnelaget. Særlaga har eigne årsmøte, men er underlagde årsmøtet i BUL i Oslo. I tillegg vel årsmøtet medlemer til bunadnemnda, målnemnda og kvart sitt styre for dei to hyttene i Nordmarka, Røkleivhytta i Sørkedalen og Bondehytta i Nittedal.
Laget eig 100 % av selskapet Bøndenes Hus AS, som eig bygarden Rosenkrantz' gate 8 og forretningane Heimen Husflid, Den Norske Husfliden, Hotell Bondeheimen og Kaffistova (kafeteria). Forretningsdrifta gjev mykje av det økonomiske grunnlaget for laget. Laget var tidlegare involvert i mykje anna forretningsdrift, mellom anna Oslo Nye Sparebank, fleire kaffistover, utleige av hyblar til landsungdom, avisa Den 17de Mai, avisa Gula Tidend, kiosk, tobakksutsal, forlagsdrift, plateselskap og bokhandel.[1]
Bondeungdomslaget i Oslo er største aksjonær i Det Norske Teatret med 11 % av aksjane.
Styreleiarar
Fyrste leiar ved skipinga i 1899 var Klaus Sletten.
1989-1992: Atle Faye
1992-1993: Kari Bjørke
1993-1994: Gunnar Rogneflåten
1994-1997: Sølvi Egner-Kaupang
1997-2000: Olav Kårevik
2000-2002: Vidar Lund
2002-2005: Arne Nordvi
2005-2007: Terje Svindseth
2007-2010: Wenche Blomberg
2010-2011: Arne Nordvi
2011-2014: Sveinung Helgheim
2014-d.d.: Terje Svindseth
Kjelder Endra
- ↑ «Og byen er vår bror» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989, Oslo: Samlaget