Einar Enger
Einar Enger (fødd 16. august 1950) er ein norsk næringslivsleiar som har vore direktør for NSB og Tine BA og styreleiar for Felleskjøpet.
Einar Enger | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. august 1950 (74 år) |
Yrke | agronom, forretningsdrivande |
Medlem av | 22. juli-kommisjonen |
Einar Enger på Commons |
Enger er utdanna agronom ved Landbrukshøgskulen på Ås og arbeidde innanfor Landbrukssamvirket før han vart direktør i NSB i 2001. Han var direktør i Tine BA frå 1995 til 2001 og har arbeidd i leiinga i Fellesmeieriet og Gilde.
Enger blei direktør i NSB etter Osmund Ueland i 2001. 17. november 2010 blei det gjort kjend at Enger skulle gå av som konsernsjef i NSB.[1] På årsmøtet til Felleskjøpet i april 2011 blei han vald som ny styreleiar etter Steinar Dvergsdal.[2]
12. august 2011 blei Enger utnemnd til medlem av 22. juli-kommisjonen i statsråd.[3]
Kjelder
endre- ↑ Einar Enger går av i NSB, vg.no
- ↑ Bjarne Bekkeheien Aase (7. april 2011). «Einar Enger vald til styreleiar i Felleskjøpet Agri». Nationen. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 25. januar 2015.
- ↑ Offisielt fra statsråd 12. august 2011, regjeringen.no. Besøkt 12. august 2011.