Tine BA

TINE BA er morselskapet i samvirkekonsernet TINE Gruppa som òg er eigar av varemerket Tine. Kjerneverksemda er produksjon og sal av mjølk, ost og andre meieriprodukt i Noreg og i utlandet.

Tine BA
Tine (Unternehmen) logo.svg
Selskapsformsamvirkeforetak Sjå dette på Wikidata
Org.nr.947 942 638
Skipa10. november 1928
DotterselskapIlchester Cheese Company, Diplom-Is, Fjordland, Sunniva Drikker, OsteCompagniet Sjå dette på Wikidata
Bransjemeieriindustri
LandNoreg Sjå dette på Wikidata
HovudkontorMoelv Sjå dette på Wikidata
Tilsette5 343 Sjå dette på Wikidata
Ost er eit kjerneprodukt for TINE

TINE Gruppa består av mange heil- og deleigde dotterselskap, med ialt 5 353 tisette og ei årleg omsetjing på 14,7 milliardar kroner. Som eit samvirkeføretak er TINE BA eigd av om lag 18 000 mjølkeprodusentar over heile landet.

HistorieEndra

Grunnlaget for meierisamvirket i Noreg vart lagt i Nord-Østerdalen i 1881. Då gjekk dei fleste meieria i området saman i éin organisasjon uner namnet «Meieriforeningen». Dette første varige organisatoriske meierisamarbeidet på landsbasis er rekna som starten på TINE. Ein forløpar for dette meierisamvirket var Rausjødalen meieri i Tolga, som var i drift frå 1856 til 1858.[1]

Selskapet var etablert i 1928 som «Norske Meieriers Eksportlag». Frå 1942 skifta selskapet namn til «Norske Meieriers Salgssentral» og frå 1984 «Norske Meierier». TINE vart teke i bruk som varemerke for meierisamvirket i 1992.

TINE er ei av 15 landsdekkande samvirkeorganisasjonar som er medlem av interesseorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke. Landbrukssamvirket har i etterkrigstida spela ei nøkkelrolle ved gjennomføringa av den norske landbrukspolitikken.

Regionale meieriselskap og dotterselskapEndra

  1. TINE Meieriet Nord BA
  2. TINE Meieriet Øst BA
  3. TINE Meieriet Sør BA
  4. TINE Meieriet Vest BA
  5. TINE Midt-Norge BA

Konsernet eig desse dotterselskapa:

  1. Norseland Inc.
  2. Small People AS
  3. FellesJuice AS
  4. Diplom-Is AS
  5. Ostecompagniet AS
  6. Maritex AS

Tine har i tillegg mindre eigardelar i ei rad andre selskap.

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra