Einar Steensnæs

norsk politikar

Einar Steensnæs (fødd 10. mars 1942) er ein norsk lektor og politikar frå Haugesund som har representert Kristeleg Folkeparti. Perioden 1989-90 var han statsråd i Syse-regjeringa og i 2001-04 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.

Einar Steensnæs
Fødd10. mars 1942 (82 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Steensnæs er utdanna cand.real. og arbeidde som lektor og inspektør ved vidaregåande skular i heimbyen Haugesund. 16. oktober 1989 vart han sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den nyskipa regjeringa leia av Jan Peder Syse. Frå nyåret var han statsråd i Utdannings- og forskningsdepartementet, då det vart gjort endringar i departementstrukturen. Regjeringa fall hausten 1990 og gjekk av den 3. november. Frå 1993 var Steensnæs innvald på Stortinget for Kristeleg Folkeparti, og hadde sete på tinget fram til 2005. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av finanskomiteen. Frå 1997 til 22. mars 2000 var han sekretær i utanrikskomiteen, deretter var han leiar av komiteen ut stortingsperioden. Han var elles medlem av arbeidsordningskomiteen og valkomiteen i stortingsperioden 1997-2001. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av næringskomiteen. Frå oktober 2001 var han sjef for Olje- og energidepartementet, ei stilling han hadde til 18. juni 2004. Han tok ikkje attval til Stortinget i 2005.

Steensnæs har sidan 2006 vore direktør ved Oslosenteret for fred og menneskerettigheter, samt styremedlem av UNESCO.

Kjelder endre