Einkorn
Einkorn
Einkorn
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Kveiteslekta Triticum
Art: Einkorn T. monococcum
Vitskapleg namn
Triticum monococcum

Einkorn (frå tysk Einkorn, direkte omsett 'einskildkorn') kan vise til ville artar av kveite; Triticum boeoticum (stavinga baeoticum er òg vanleg), eller til den foredla forma, Triticum monococcum. Dei ville og foredla formene er anten sett på som eigne artar eller, som her, er underartar av T. monococcum. Einkorn er ein diploid art av skalkveite med ein ekstra sterk hams som er godt festa til kornkjernen. Dei foredla formene er lik dei ville, men unnatak at av akset held seg intakt når det er mogent og at frøa er større.

Villeinkorn i Karadag i Sentral-Tyrkia
Einkornaks

Einkorn var ei av dei første formene for foredla kveite saman med emmer (T. dicoccum). Korn frå vill einkorn er funne på epipaleolitiske lokalitetar i den fruktbare halvmånen. Den var først domestifisert om lag 9000 år sidan ( ≈ 7000 f.Kr.), i A eller B-perioden av før-keramisk neolitikum.[1] DNA finger-print analyse tyder på einkorn var domestifisert nær Karacadag i søraust Tyrkia, i eit område der fleire før-keramiske jordbrukslandsbyar frå periode B er funne.[2] Dyrkinga av einkorn minka i bronsealderen og er i dag ein art som nesten ikkje blir dyrka. Det er ein lokal produksjon ofte nytta til bulgur eller til dyrefôr i fjellområda i Frankrike, Marokko, det tidlegare Jugoslavia, Tyrkia og andre land. Det blir dyrka i dårleg jord der andre kveiteartar ikkje klarar seg.[3]

Glutentoksisitet endre

I motsetnad til moderne former av kveite, er det teikn som tyder på at gliadinprotein i einkorn ikkje er så giftig for dei som lid av cøliaki.[4] Einkorn blir hittil likevel ikkje tilrådd i gluten-fritt kosthald.

Kjelder endre

  1. Hopf, Maria; Zohary, Daniel (2000). Domestication of plants in the old world: the origin and spread of cultivated plants in West Asia, Europe, and the Nile Valley (3rd utg.). Oxford [Oxfordshire]: Oxford University Press. s. 38. ISBN 0-19-850356-3. 
  2. Heun, Manfred; et al. (1997). «Site of Einkorn Wheat Domestication Identified by DNA Fingerprinting». Science 278 (5341): 1312–4. doi:10.1126/science.278.5341.1312. 
  3. Zohary and Hopf, Domestication, pp. 33f
  4. Pizzuti D, Buda A, D'Odorico A, D'Incà R, Chiarelli S, Curioni A, Martines D (November, 2006). «Lack of intestinal mucosal toxicity of Triticum monococcum in celiac disease patients». Scand. J. Gastroenterol. 41 (11): 1305–11. PMID 17060124. doi:10.1080/00365520600699983. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Einkorn