Eirik Jensen (fødd 30. juli 1957) er ein norsk tidlegare polititenestemann, dømt til fengsel for grovt narkotikalovbrot og grov korrupsjon.[1] Frå 2006 til 2011 var han leiar for Oslopolitiet sitt prosjekt X-ray, ein spesialinnsats mot gjengkriminalitet i hovudstaden som var utløyst av eit skytedrama på Aker Brygge i august 2006.[2] Desse Oslo-gjengane vart knuste i tida etter.[3]

Eirik Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. juli 1957 (66 år)
Yrke narkotikasmugler, politibetjent
Straff ubetinget fengsel

Han vart i 2014 arrestert og suspendert frå politiet, og seinare åtala for grov korrupsjon og narkotikasmugling i ei sak som vart kjent som Cappelen–Jensen-saka; Jensen vart 18. september 2017 dømd i Oslo tingrett til 21 års ubetinga fengsel for grov korrupsjon, medverknad til narkotikasmugling og ulovleg våpenbesittelse. Jensen hadde før dette, jobba med bekjemping av organisert kriminalitet i politiet, der han var pådrivar for «dialogmodellen» som dreier seg om å skapa tillit og kommunikasjon opp mot kriminelle miljø. Jensen arbeidde aktivt opp mot både gjeng- og mc-miljøet. Han har òg utgjeve ein sjølvbiografi og ein kriminalroman.

Karriere endre

Jensen vart utdanna ved Politiskulen til Staten i 1977 og arbeidde først ved Pipervika politistasjon. Han vart etterkvart forfremja til politioverbetjent. Hausten 2006 vart han leiar for innsatsgruppa «X-Ray» i politiet.

Arrestasjon, tiltalt og dom endre

Jensen vart arrestert og suspendert frå tenesta i februar 2014 i samband med etterforskinga av narkotikanettverket leida av Gjermund Cappelen, ei sak som vart kjent som Cappelen–Jensen-saka. Jensen vart tiltalt for grov korrupsjon og narkotikakriminalitet i februar 2016.[4] Rettssaka mot han og Gjermund Cappelen starta i Oslo tingrett 9. januar 2017. Jensen erklærte seg «ikkje skyldig».[5] Jensen gjekk av med pensjon frå politiet 1. desember 2016.[6]

Jensen vart 18. september 2017 domfelt i Oslo tingrett for grov korrupsjon, medverknad til narkotikasmugling og ulovleg våpenbesittelse, og dømd til 21 års ubetinga fengsel.

Bokutgivelser endre

I 2015 utgav Jensen sjølvbiografien På innsiden: Historien om mitt politiliv på Kagge forlag.

Våren 2016 utgav Jensen saman med Thomas Winje Øijord ein kriminalroman med tittelen Attentatet på Kagge forlag.[7] Spesialeininga varsla at han vilke ta beslag i framtidige bokinntekter.[8]

Referansar endre

  1. HR-2020-2157-U, (sak nr. 20-128274STR-HRET), Høyesterett
  2. Ege, Rune Thomas; Bongard, Therese (20. august 2006), «Flere hundre i skytedrama på Aker Brygge», VG (på norsk), henta 26. mars 2024 
  3. Mogen, Trym (30. april 2018), «De knuste Oslo-gjengene sist. Dette mener de politiet må gjøre nå», dagbladet.no (på norsk), henta 26. mars 2024 
  4. Politimannen Eirik Jensen tiltalt for grov korrupsjon og narkotikakriminalitet
  5. «Eirik Jensen-rettssaken». VG Nett. Henta 9. januar 2017. 
  6. Jensen-rettssaka
  7. Bokanmeldelse: Eirik Jensen og Thomas Winje Øijord: «Attentatet» i VG
  8. Gir ut sin tredje og fjerde Eirik Jensen-bok, Dagbladet