Eirik Jensen-saka
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Eirik Jensen-saka er ei norsk straffesak mot politimannen Eirik Jensen og eit kriminelt nettverk som inkluderte narkotikasmuglaren Gjermund Cappelen. Saka byrja med at Jensen i 2014 vart arrestert og seinare åtala for grov korrupsjon og narkotikasmugling.
Jensen vart dømd 18. september 2017 i Oslo tingrett til 21 års ubetinga fengsel for grov korrupsjon, medverknad til narkotikasmugling og ulovleg våpeninnehav.[1] Han valde å anke saka til Borgarting lagmannsrett.[2][3]
Jensen har tidlegare jobba med tiltak mot organisert kriminalitet i politiet, der han var pådrivar for «dialogmodellen» som dreier seg om å skape tillit og kommunikasjon opp mot kriminelle miljø. Jensen arbeidde aktivt opp mot både gjeng- og mc-miljøet. Han har også utgitt ein sjølvbiografi og ein kriminalroman.
Jensen kom i 2015 med ei bok med si side av saka.[4]
Saka i Borgarting lagmannsrett byrja den 28. august 2018 og er venta vare til februar 2019.[5]
Jensen er no bedre førebudd enn i tingretten og meiner at eit løynleg politiprosjekt[6] med teieplikt hadde øydelagt forsvaret sitt i tingretten.
Referansar
endre- ↑ https://www.aftenposten.no/norge/i/yanpg/Eirik-Jensen-fikk-21-ars-fengsel-av-tingretten
- ↑ https://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/borgarting-lagmannsrett/Aktuelt/praktisk-info-om-jensencappelen-saken/
- ↑ https://www.aftenposten.no/norge/i/o4zLj/Elden-Anke-i-Jensen-saken-er-ferdigskrevet
- ↑ Eirik Jensen: Ingenting som indikerte at Gjermund Cappelen var en notorisk kriminell i Aftenposten
- ↑ https://www.vg.no/spesial/2018/jensen-rettssaken/lagmannsretten/dag/1
- ↑ https://www.nrk.no/norge/eks-politimester_-stor-fare-for-liv-hvis-jensen-prosjekt-blir-kjent-1.13365644