Teieplikt

Teieplikt er ei plikt til å hindre andre å få adgang eller kjennskap til visse opplysingar. Teieplikt kan følge av lov, instruks eller avtale. I Noreg har teieplikt lovhjemmel i forvaltingslova §13 bokstav a-g. Brot på teieplikten kan medføre straff, erstatningsansvar, disiplinære reaksjonar mm.[1] Kva for nokre opplysingar som er omfatta av teieplikt, vil vere spesifisert i ei føresegn eller ei semje.

Dei vanlege formene av teieplikt omfattar gjerne opplysingar som rører ved ein person sin fysiske og psykiske helse og opplysingar som på annan måte høyrer til privatlivet hans. Det kan også vere kommersielle opplysingar og informasjon som kan vere til skade for fellesskapet dersom han vert offentleg kjend, jf. fvl. §19.

Somme yrkesgrupper er pålagde teieplikt gjennom lovgjevinga. Dette gjeld til dømes helsearbeidarar, advokatar, prestar, offentleg tilsette som handsamar fortruleg informasjon og personar i forsvaret.

I ein del tilfelle kan det oppstå konflikt mellom teieplikt og andre omsyn, slik som opplysingsplikt eller opplysningar offentlegheita burde få kjennskap til. Døme kan vere opplysingar om forsvaret som ein meiner folk bør informerast om – eller informasjon som kan hjelpe å forhindre eller oppklare brotsverk. Unntaka er gjerne grunna i offentleg kontrollbehov. Unntaka er ofte kombinert med reglar som opplysingsplikt eller innsynsrett for offentlege.

KjelderEndra