Eivind Hiis Hauge
norsk professor og fysikar
Eivind Hiis Hauge (fødd 15. november 1937) er ein norsk fysikar og tidlegare rektor ved NTNU.[1]
Eivind Hiis Hauge | |||
Fødd | 15. november 1937 Bergen | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | fysikar, professor | ||
Institusjonar | Noregs tekniske høgskole Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Alma mater | Noregs tekniske høgskole | ||
Medlem | Norges Tekniske Vitenskapsakademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | ||
Verv | Rektor ved NTNU 2002-2005 | ||
Føregangar | Karsten Jakobsen | ||
Etterfylgjar | Torbjørn Digernes |
Han studerte til sivilingeniør i teknisk fysikk ved NTH (1962) og dr.techn. i teoretisk fysikk same stad (1965), der han òg vart professor (1976–) og rektor (2002–05). Han har fem års opphald i USA og to år i Nederland. Dei faglege hovudinteressene hans omfattar statistisk fysikk (likevekt- og transporteigenskapar), tunnelering og elektrontransport i nanostrukturer.
Utmerkingar
endre- Kommandør av St. Olavs Orden (2006)[2]
- Offiserskors av Republikken Polens fortenestorden (2012)[3]
Kjelder
endre- ↑ Tåler kjeft Arkivert 2007-11-08 ved Wayback Machine. frå Forskning
- ↑ Tildeling av ordener og medaljer: Søk i arkivet, kongehuset.no, besøkt 14. desember 2012.
- ↑ Opening event (bilde), ncbir.pl, besøkt 14. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Eivind Hiis Hauge i BIBSYS
- Publikasjonar av Eivind Hiis Hauge i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin