Ekstremvêret Valdis

Ekstremvêret Valdis var eit ekstremvêr som råka Finnmark 16. desember 2001. Det gav nordvestleg vind opp i sterk storm og var det siste av to ekstremvêr dette året. Sjølv om fleire observasjonar viste full til sterk storm dei mest utsette stadane, vart det noko mindre vind enn det som var varsla.

Sjølv om eit hustak i Hammerfest bles av og mykje av samferdselen stoppa opp, vurderte MI i ettertid at ekstremvarselet berre så vidt var berettiga.[1]

Kraftigast vind endre

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Hekkingen fyr 29 42
Sletnes fyr 27 37
Fugløykalven fyr 27 31
Makkaur fyr 24 -
Helnes fyr 22 -
Vardø 21,5 29
Banak 19 29

Fotnotar endre

  1. Årsrapport fra MI for 2001 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 16. november 2006, henta 27. januar 2008 

Sjå òg endre