Elīna Garanča
Elīna Garanča (fødd 16. september 1976) er ein latvisk operasongar (mezzosopran). Ho har studert ved Musikkakademiet i Latvia i Riga, og har sidan enden av 1990-talet vore aktiv på fleire internasjonale operascenar, mellom anna på operaane i Frankfurt og Wien.
Elīna Garanča | |||
| |||
Fødd | 16. september 1976 (48 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Riga | ||
Opphav | Latvia | ||
Aktiv | 1999– | ||
Sjanger | opera | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | lyrisk mezzosopran | ||
Plateselskap | Deutsche Grammophon | ||
Verka som | operasongar | ||
Mor | Anita Garanča | ||
Gift med | Karel Mark Chichon | ||
Prisar | 4. klasse av Trestjerneordenen, 3. klasse av Trestjerneordenen, Echo Klassik Sängerin des Jahres, Echo Klassik Sängerin des Jahres |
Det internasjonale gjennombrotet til Garanča kom ved Festspela i Salzburg i 2003, då ho song rolle som «Annio» i La clemenza di Tito av Mozart. I 2008 song ho «Rosina» i Barberen i Sevilla av Giocchino Rossini på Metropolitan Opera i New York.[1]
Referansar
endre- ↑ «Elīna Garanča – Biography» (på engelsk). Deutsche Grammophon. oktober 2016. Henta 1. mai 2017.