Eleanor Parker

amerikansk skodespelar

Eleanor Jean Parker (26. juni 19229. desember 2013) var ein USA-amerikansk skodespelar som dukka opp i meir enn 80 filmar og TV-seriar i løpet av livet sitt.[1] Ho blei ofte dømt «allsidig», og forfattaren Doug McClelland kalla henne «ei kvinne med tusen ansikt»; han skreiv også ein biografi om Parker med same namn.

Eleanor Parker
Eleanor Parker 1948.jpg
Fødd26. juni 1922
FødestadCedarville i Ohio i USA
Død9. desember 2013 (91 år)
DødsstadPalm Springs, California, USA
Lungebetennelse
Aktive år1941–1991
Verka somSkodespelar
EktefelleFred Losee (1943–1944; skilt)
Bert E. Friedlob (1946–1953; skilt; 3 born)
Paul Clemens (1954–1965; skilt; 1 born)
Raymond N. Hirsch (1966–2001; då han døydde)
BornSusan Eleanor Friedlob
Sharon Anne Friedlob
Richard Parker Friedlob
Paul Day Clemens
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Da ho var 18 år blei Parker signert av Warner Brothers; dette skjedde i 1941. Ho blei nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle tre gonger i løpet av 1950-talet; for Caged (1950), Detective Story (1951) og Interrupted Melody (1955).[2] For rolleskildringa i Caged vann ho ein pris under filmfestivalen i Venezia. Ei av dei mest kjende rollene hennar er Elsa von Schraeder i filmmusikalen The Sound of Music frå 1965, som vann Oscar for beste film. Parker døydde i 2013 i ein alder av 91 år som følgje av kraftig lungebetennelse.[3]

ReferansarEndra

  1. IMDB-side Vitja 8. mars 2015.
  2. «Database». Oscar-prisen. Henta 8. mars 2015.  (søk på Dorothy McGuire)
  3. «Eleanor Parker, Oscar-nominated Actress and Baroness in ‘Sound of Music,’ Dies at 91,» washingtonpost.com, 9. desember 2013.

BakgrunnsstoffEndra