Electricity av Captain Beefheart
Electricity Singel av Captain Beefheart and his Magic Band frå albumet Safe as Milk | ||
A-side |
«Sure 'Nuff 'n Yes I Do»[1] | |
---|---|---|
Utgjeve | 1967, 1978 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:07 | |
Selskap | Buddah | |
Låtskrivar(ar) | Herb Bermann og Don Van Vliet | |
Captain Beefheart and his Magic Band-kronologi | ||
«Hard Workin' Man» (1978) |
Electricity | «Ice Cream for Crow» (1982)
|
«Electricity» er ein song av Captain Beefheart og Magic Band frå 1967 på albumet Safe as Milk. Beefheart hevda at selskapet han og bandet hans hadde kontrakt med, A&M Records, droppa dei etter at medeigaren Jerry Moss høyrde songen og meinte han var «for negativ»[4] for tenåringsdottera hans. Då dei spelte inn den endelege versjonen for albumet, øydela vokalen til Beefheart mikrofonen.[5][6]
Mottaking
endreKritikarar har sagt at songen syner mange av dei seinare kjennemerka ved vokalen til Beefheart, som den forvrengde vokalen. Gitaristen Doug Moon skildrar songen som «hint om det som kom til å kome.» Kritikarar har òg skildra thereminen på songen som ein «spøkjelsesaktig theremin på ein mest foruroligande måte.»[7] I boka Riot on Sunset Strip: Rock 'n' Roll's Last Stand in Hollywood, er «Electricity» sagt å vere ein «særs uvanleg bluessong».[8]
Historie
endreMedan Beefheart spelte «Electricity» som oppvarming ved Fantasy Fair and Magic Mountain Music Festival i Mt. Tamalpais i 1967 stoppa hans ongen, retta på slipset, og vandra av scenen der han falt med andletet først i graset. Han hevda seinare at han såg ei jente i publikum som var til ein gullfisk. Dette gjorde at gitaristen Ry Cooder like etter slutta i The Magic Band fordi han ikkje orka at Beefheart var så uføreseieleg.[9]
Andre versjonar
endrePå luksusutgåva av Sonic Youth sitt Daydream Nation, frå 2007 vart denne songen med,[10] opphavleg spelt inn i 1988 for eit hyllestalbum til Captain Beefheart på Imaginary Records kalla Fast 'n' Bulbous – A Tribute to Captain Beefheart.[11][12]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Electricity (Captain Beefheart song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Courrier, Kevin (2002). Dangerous kitchen: the subversive world of Zappa. ECW Press.
- Barnes, Mike (2000). Captain Beefheart. Omnibus Press. ISBN 1844494128.
- Cooper, Kim and David Smay (2012). Lost in the Grooves: Scram's Capricious Guide to the Music You Missed. Routledge. ISBN 1135879214.
- Hoskyns, Barney (2009). Waiting for the Sun: A Rock and Roll History of Los Angeles. Backbeat Books. ISBN 0879309431.
- The Mojo Collection: 4th Edition. Canongate Books. 2007. ISBN 184767643X.
- Priore, Domenic (2007). Riot on Sunset Strip: Rock'n'roll's Last Stand in 60s Hollywood. Outline Press. ISBN 1906002940.
- Tyler, Steve (2006). The A to X of Alternative Music. Continuum International Publishing Group. ISBN 0826482171.
- ↑ «Captain Beefheart & His Magic Band – Sure 'Nuff 'N' Yes I Do». Discogs. Henta 7. april 2013.
- ↑ Courrier (2002), p. 181
- ↑ 3,0 3,1 Planer, Lindsay. «Moonlight on Vermont - Captain Beefheart & the Magic Band | Song Info». AllMusic. Henta 1. desember 2019.
- ↑ Barnes (2000), p. 29
- ↑ Cooper and Smai (2012)
- ↑ The Mojo Collection: 4th Edition (2007)
- ↑ Taylor (2006), p. 54
- ↑ Priore (2007)
- ↑ Hoskyns (2009)
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Sonic Youth - Daydream Nation». Henta 7. april 2013.
- ↑ «Electricity - Sonic Youth». Henta 24. april 2020.
- ↑ «SONICYOUTH.COM DISCOGRAPHY - COMPILATION: FAST 'N' BULBOUS». Henta 24. april 2020.