Elektriske fenomen

Elektriske fenomen er vanlege eller uvanlege hendingar som kan forklarast ut frå elektrisitet. Elektriske fenomen er ein noko vilkårleg inndeling av elektromagnetiske fenomen.

Somme døme er:

  • Biefeld–Brown-effekt — Effekten vert ofte kalla elektrohydrodynamikk (EHD) eller stundom elektro-væskedynamikk, eit motbart til den kjende magnet-hydrodynamikken.
  • Berøringselektrifisering — Fenomenet der ein får elektrifisering ved kontakt. Når to lekamar rører kvarandre, kan stundom lekamane spontant bli ladd (ein negativ, ein positiv).
  • Likestraum — Likestraum gjennom ein leiar som ein leidning frå høg til lågt potensial.
  • Elektroluminescens — Fenomenet der eit material utstråler lys når ein elektrisk straum passerer gjennom det, eller finst i eit sterkt elektrisk felt.
  • Elektrisk leiing — Rørsle av elektriske ladde partiklar gjennom eit overføringsmedium.
  • Elektrisk støyt — Fysiologisk reaksjon hos ein biologisk organisme når det passerer elektrisk straum gjennom kroppen.
  • Ferroelektrisk effekt — Fenomenet der visse ioniske krystallar kan syne eit spontant dipolmoment.
  • Induksjon — Fenomen der eigenskapen til ein krets der energien vert lagra i form av eit elektromagnetisk felt.
  • Lyn — kraftig naturleg elektrostatisk utlading under eit torevêr. Den brå elektriske utladinga produserer eit kraftig lys.
  • Fotokonduktivitet — Fenomen der eit material vert meir leiande på grunn av absorpsjon av elektromagnetisk stråling som synleg lys, ultrafiolett lys eller gammastråling.
  • Fotoelektrisk effekt — Utsending av elektron frå ei overflate (vanlegvis metallisk) når ho vert utsett for eller absorberer elektromagnetisk stråling (som synleg lys og ultrafiolett stråling).
  • Piezoelektrisk effekt — Kor mykje spenning visse krystall kan generere når dei vert utsett for mekanisk stress.
  • Pyroelektrisk effekt — Potensialet skapt i visse material når dei vert oppvarma.
  • Statisk elektrisitet — Ei klasse fenomen som omfattar ubalanset ladning i ein lekam, typisk for ladningar med stor nok spenning til å produsere synleg tiltrekking, avvising og gneistar.
  • Gneistar — Elektrisk nedbryting av eit medium som vert produsert i ei plasmautladning, liknar gneisten som kjem når straum går gjennom eit normalt ikkje-leiande medium som luft.
  • Tellurisk straum — Ekstremt lågfrekvent elektrisk straum som skjer naturleg over store undergrunnsområde eller nær jordoverflata.
  • Termoelektrisk effektSeebeck-effekten, Peltier-effekten og Thomson-effekten
  • Friksjonselektrisk effekt — Type kontaktelektrifisering der lekamar vert elektrisk ladd etter å ha kome i kontakt med kvarandre og så vert fråskilde.

Kjelder endre