Elgåfossen

Elgåfossen er den høgaste uregulerte fossen i Østfold med eit fall på 46 meter. Han ligg lengst sør i Viken, nær Holtet i Enningdalen. Grensa mot Sverige går midt i fossen. Den er derfor òg den høgaste uregulerte fossen i Bohuslän. Elgåfossen, som er ein del av Elgå, renn ut i Enningdalselva.

Ved fossen kan ein sjå restar av gamle Saga husmannsplass (frå 1859), med tømmerdrift, sag og mølle. Rundt fossen kan ein sjå grunnmuren etter mølle, gamle møllesteinar, stenpilarar frå tømmerrenne som gjekk ned fossen. Plassen var busett til frampå 60-talet. Rundt fossen er det no opparbeida natursti og det er mogeleg å krysse elva via bruer både over og under fossen.

Fossen kan ein nå via rasteplass ved riksveg 22, om lag 700 meter nord for riksgrensa.