Elin Wägner
Elin Matilda Elisabet Wägner (fødd 16. mai 1882 i Lund, død 7. januar 1949 i Rösås i Kronobergs län) var ein svensk forfattar, journalist og feminist.
Elin Wägner | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 16. mai 1882 Lunds domkyrkoförsamling |
Død |
7. januar 1949 (66 år) |
Yrke | journalist, skribent, stemmerettsforkjempar |
Språk | svensk |
Medlem av | Svenska Akademien, Samfundet De Nio, Svenska hem |
Far | Sven Wägner |
Ektefelle | John Landquist |
Elin Wägner på Commons |
Dei skjønnlitterære bøkene til Elin Wägner handlar om kvinnerettar, kvinneleg røysterett, fredsspørsmål, sosiale spurnader og miljøspørsmål. Feminismen ho representerer kallast normalt for særartsfeminisme. Ho blir normalt rekna som ein av dei såkalla «tiotalsförfattarna» og var ein del av Fogelstadsgruppa. Wägner er mest kjend for engasjementet sitt for kvinneleg røysterett og for at ho var med og grunnla Redd Barna i 1919.
Wägner vart medlem av Samfundet De Nio i 1937 og av Svenska Akademien i 1944. Ho var aktiv skribent i tidsskriftet Tidevarvet i perioden 1923–1936.
Ho var dotter av rektor og fil. dr. Sven Wägner og Anna Mathilda Elisabeth Ekedahl, prestedotter frå Tolg i Småland. Ho var syster til journalisten Harald Wägner, tante til Ria Wägner og gift med litteraturvitaren John Landquist i perioden 1910–1922.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elin Wägner» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2010.