Opna hovudmenyen

Lars Elisæus Vatnaland (18. april 18929. mars 1983) var ein norsk politikar for Sp, fødd i Bokn i Rogaland. Han arbeidde som fiskar, gardbrukar frå 1916, og fiskeriinspektør for Vestlandet frå 1937 til 1962. Vatnaland var 1. vararepresentant til Stortinget frå Bondepartiet i Rogaland frå 1934 til 1945, og han var stortingsrepresentant frå 1945 til 1961.

Elisæus Vatnaland
Fødd18. april 1892
Død9. mars 1983
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar

Vatnaland var varapresident i Stortinget frå 1948 til 1959, lagtingspresident frå 1959 til 1960, og deretter varapresident i Stortinget igjen inntil 1961. Vatnaland var dessutan parlamentarisk leiar i Bondepartiet frå 1948 til 1958, etter å først ha vore nestformann i gruppestyret frå 1945. Styremedlem i Rogaland bondeparti frå 1930 til 1940 og igjen frå 1945. Medlem av landsstyret frå 1938 til 1949, nestformann frå 1949 til 1959. Medlem av arbeidsutvalet frå 1945 til 1948, og varaformann her frå 1949 til 1959.

I Bokn var Vatnaland ordførar frå 1925 til 1934, varaordførar frå 1937 til 1941, og igjen ordførar i 1945. Formannskapsmedlem frå 1945 til 1947. Fylkestingsmedlem frå 1925 til 1934. Formann i Bokn bondeparti frå 1927 til 1940. Kommunerevisor frå 1914, formann i likningsnemnda, overlikningsnemnda, skulestyret, Bokn branntrygdelag, Bokn sparebank, samt hamnenemnda i Rogaland og Norges Småbruks- og Bustadbanks avdeling i Rogaland. Medlem i sildelovkomiteen, tilsynsnemnda for Rogaland sykehus, sildelagskomiteen, sildemelkomiteen, makrellagskomiteen og valordningskommisjonen. Styremedlem i Rogaland avdeling av Noregs bondelag frå 1923 til 1940, og medlem av representantskapet i Noregs bondelag frå 1945 til 1960.

StortingskomitearEndra

BakgrunnsstoffEndra