Elisabeth Røbekk Nørve
Elisabeth Røbekk Nørve (fødd 29. mars 1951 i Borgund) er ein norsk politikar frå Høgre. Frå 1997 til 2001 var ho vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal. Ho vart vald inn på Stortinget for perioden 2001–2005. I perioden 2005–2009 var ho 1. vararepresentant, og møtte fast på Stortinget frå 3. desember 2007 for den avdøde stortingsrepresentanten Petter Løvik. I 2009 vart Nørve på nytt vald inn på eige mandat.
Elisabeth Røbekk Nørve | |||
| |||
Fødd | 29. mars 1951 (73 år) Sula | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande | ||
Alle verv |
|
Nørve har teke Handelsskole redusert fagkrets ved Latinskolen Ålesund, Reiselivskole NKI, Folkeuniversitetet og Interiørkonsulent NKI, Folkeuniversitetet. Nørve har ein lang og variert yrkespraksis innan ulike serviceyrke, frå hushjelp i åra 1965-1966 til butikkansvarleg og sjølvstendig næringsdrivande. I tillegg har ho vore rådgjevar for Møre og Romsdal NHO.
Nørve gjekk av som 1. nestleiar i Møre og Romsdal Høgre den 8. mars 2009, eit verv ho hadde hatt sidan 2004. I perioden frå oktober 2007 til 9. mars 2008 var ho fungerande leiar i fylkesforeininga.
Stortingskomitear
endre- 2001-2005 medlem av Sosialkomiteen
- 2001-2005 medlem av Fullmaktskomiteen
- 2001-2005 varamedlem av Valkomiteen
- 2007-2009 medlem av Næringskomiteen
- 2009-2013 medlem av Næringskomiteen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Røbekk Nørve» frå Wikipedia på bokmål, den 10. september 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Stortinget.no - Biografi
- Høyre - Biografi Arkivert 2010-08-08 ved Wayback Machine.