Elise Ottesen-Jensen

Elise Ottesen-Jensen (2. januar 18864. september 1973) var ein norsk-svensk seksualopplysar, journalist og sosialistisk agitator som kjempa særleg hardt for kvinnenes rett til å forstå og styra over sin eigen seksualitet. Ho er rekna som ei føregangskvinne innan kvinnekamp og feminisme.

Elise Ottesen-Jensen

Elise Ottesen-Jensen holder foredrag i Sverige på 1940-talet
Statsborgarskap Noreg, Sverige
Fødd 2. januar 1886
Høyland
Død

4. september 1973 (87 år)
Kungsholm

Yrke politikar, seksualpedagog, journalist
Språk norsk
Ektefelle Albert Jensen
Elise Ottesen-Jensen på Commons

Ho vart fødd Elise Ottesen i Høyland kommune i Rogaland fylke som prestedotter, nummer 17 av ein barneflokk på 18. Høyland kommune gjekk i 1965 inn i Sandnes kommune, slik at mange gonger vert ho rekna å koma frå Sandnes. Elise Ottesen var frå 1915 til 1945 gift med fredsagitatoren Albert Jensen.

Medan ho voks opp ville ho bli tannlege, men mista fingrar i ei ulukke og enda opp som journalist i staden. Ho fekk oppleva at veslesystera blei gravid og tvinga til å adoptera bort barnet ho hadde fødd, for sidan å ta livet av seg i lengsel etter barnet.[1] Lagnaden til systera var ei skjelsetjande oppleving og eit grunnlag for den kampen Elise starta for rett til seksualopplysing og abort for kvinner. Den skulle vara i femti år.

Ho var verksam i Sverige frå 1919, og grunnla Riksförbundet för sexuell upplysning (RFSU) i 1933. RFSU er ein ideell organisasjon som driv med informasjon om emne knytt til seksualitet.

Spreiing av informasjon om emne knytt til seksualitet var lenge nærast tabu, og til dels ulovleg. Ho la vekt på å informera om kontroversielle emne som prevensjon og abort.

Ottesen-Jensen gjekk under tilnamnet Ottar. Den norske feministiske kvinnegruppa Ottar er oppkalla etter henne.

Kjelder endre

  1. YELAH «Om Elise Ottesen-Jensen», arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 24. januar 2019