Kaupanger
Kaupanger er ei bygd, ein tettstad og eit sokn i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden har 910 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Kaupanger | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 1,05 km² | ||
Folketal | 910 (2017) | ||
Folketettleik | 867 / km² | ||
Postnummer | 6854 KAUPANGER | ||
Innbyggjarnamn | Kauping | ||
Preposisjon | på Kaupanger | ||
![]() Kaupanger | |||
Wikimedia Commons: Kaupanger | |||
Kaupanger er mellom anna kjend for Kaupanger stavkyrkje, bygd på midten av 1100-talet. På Kaupanger ligg også museet De Heibergske Samlinger og Sogndal lufthamn, Haukåsen.
Kaupanger vart i mellomalderen ein handelstad, ein kaupang, av dette kjem namnet.
DelområdeEndra
Kaupanger delområde femner austre delen av Sogndal kommune, det vil seie området på austsida av Norefjorden, med unntak av grunnkrinsen Fimreite som høyrer til Norum delområde. Ved folketeljinga i 2001 budde det 2122 personar i delområdet, fordeld på 724 i grunnkrinsen Barsnes/Loftnes/Kjørnes, 562 i grunnkrinsen Valberg/Skogen og 836 i grunnkrinsen Kaupanger. I grunnkrinsen Haukåsen budde det ingen.[1]
KyrkjesoknEndra
Kaupanger er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje.
BakgrunnsstoffEndra
- Kong Sverre brende Lusakaupang på NRK fylkesleksikon